Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kroppsvask i sjukepleia

Jeanne Boge   
Jeanne Boge disputerar 9. desember 2008 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Kroppsvask i sjukepleia”.

Då moderne sjukepleie oppstod i siste halvdel av 1800-talet, var det vanleg at helsepersonell argumenterte for kroppsvask ved hjelp av ulike hygieneteoriar. Etter 1960 har sjukepleiefaget også argumentert for kroppsvask ved hjelp av behovsteori. Den franske filosofen Michel Foucault argumenterte for at samankoplinga mellom ulike teoriar og kroppslege praksisar har vore brukt som disiplineringsverktøy i moderne industrisamfunn.

Med denne argumentasjonen som bakteppe, er det gjennomført analyser av tilhøvet mellom kroppsvask i sjukepleia og hygiene- og behovsteori. Studien er basert på norske lærebøker i sjukepleie frå 1877-1911, 1967 og 2004, - på Eilert Sundt sin studie "Om renligheds-stellet i Norge" frå 1869 og - på observasjonar og intervju av pleietrengjande og pleiarar i ein norsk sjukeheim i 2002 og 2006.

Studien viser at normer for lukt, utsjånad og kroppsleg samkvem på den eine sida, og utnytting av pleiarane si tid på den andre sida, ser ut for å vera viktigare ved kroppsvask i sjukepleia enn omtanken for hygiene og pleietrengjande sine behov. Dette tyder ikkje at praksisane treng vera mangelfulle eller dårlege, men studien utfordrar argumentasjonen for at undervising og praksis i sjukepleia skal vere kunnskaps-/ evidensbasert, og den understøttar Foucault sin argumentasjon for at samankoplinga av teoriar og kroppslege praksisar kan ha vore brukt som disiplineringsverktøy.

Avhandlinga er finansiert av Helse og Rehabilitering, gjennom Nasjonalforeningen for folkehelsen, og utført ved Institutt for samfunnsmedisinske fag, Seksjon for sykepleievitenskap, Universitetet i Bergen (UiB) med professor Kari Martinsen som hovudvegleiar og 1. amanuensis Kjell Kristoffersen som bivegleiar.

Personalia:
Jeanne Boge er frå Boga i Fusa. Ho avla sjukepleieeksamen ved Hedemark Fylkes Sykepleierskole i 1980. Sidan 1982 har ho budd, studert og arbeidd i Bergen, og der har ho gjennomført vidareutdanning i intensivsjukepleie, mellomfag i filosofi, pedagogisk seminar, hovudfag i sjukepleievitskap og praktisert som sjukepleiar i akutt- mottak, intensivavdeling, smerteklinikk, sjukeheim, heimesjukepleie. Sidan 1994 har ho undervist ved ulike sjukepleieutdanningar. I perioden 2004-2007 var ho stipendiat ved UiB, og no underviser og forskar ho ved Høgskolen i Bergen, Institutt for sykepleie.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
08.12.2008, kl. 14:15. Oppgitt emne: "Disiplinering i sjukepleiarutdanninga, i lys av debatten om evidensbasert praksis i norsk sjukepleie"
Sted: Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

Tidspunkt og sted for disputasen:
09.12.2008, kl. 10:15, Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

Kontaktpersoner:
Jeanne Boge, telefon 55 58 72 08, epost: jhb@hib.no
Mediekontakt Therese Marianne Istad, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: therese.istad@form.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side