Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Ytringsfridom, injurievern og privatlivets fred

Bjørnar Borvik   
Bjørnar Borvik disputerer fredag 12. september 2008 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Personvern og ytringsfridom: Avveginga mellom kolliderande menneskerettar"

Emnet for denne avhandlinga er avveginga mellom personvernet og ytringsfridommen i norsk rett. Ytringsfridommen har eit konstitusjonelt vern i grunnlova § 100 og i artikkel 10 i den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), medan vernet av privatlivet er verna i EMK artikkel 8. Slike kollisjonar mellom grunnleggande menneskerettar stiller både lovgjevaren og rettsbrukarane overfor visse utfordringar.

Lovgjevaren må utforme injurielovgjevinga og føresegnene til vern av privatlivets fred på ein måte som ikkje er i strid med dei folkerettslege pliktene som Norge har teke på seg gjennom tilslutninga til EMK. Og sjølv om den formelle lovgjevinga – i alle fall eit stykke på veg – er rettleiande for domstolane sin rettsbruk i slike saker, er likevel domstolane tilgodesett med eit vesentleg handlingsrom. Det er kanskje først og fremst gjennom fastlegginga av det nærmare innhaldet i den såkalla rettsstridsvurderinga at domstolane kan innverke på avveginga mellom dei kolliderande rettane.

I den første hovuddelen av avhandlinga framstiller Borvik sentrale element i det konstitusjonelle rammeverket for avveginga mellom personvernet og ytringsfridommen. Han ser mellom anna nærmare på den rettslege forankringa til både ytringsfridommen og dei sidene ved personvernet som er sentrale i avhandlinga hans, nemleg injurievernet og vernet mot offentleggjering av privatinformasjon. Borvik påviser at vernet av privatlivet i EMK artikkel 8 både inneheld eit injurievern, og eit vern mot offentleggjering av privatinformasjon.

I den andre hovuddelen av avhandlinga analyserer kandidaten nokre av dei lovvilkåra og avvegingsmarkørane som er utforma med sikte på å handtere avveginga mellom personvernet og ytringsfridommen i norsk rett. Han framstiller mellom anna retningslinjene for tolking av omstridte ytringar, og påviser at desse kan utformast slik at ytringsfridommen får vidt spelerom, men at dei også kan gjevast ei utforming som i større grad gjev konsesjonar til injurievernet. Ei anna sentral problemstilling i denne delen av avhandlinga er kva slags skuldvilkår som skal gjelde for spørsmålet om dei omstridte ytringane var sanne. Generelt kan ein seie at eit objektivt an¬svar for sanninga inneber ei sterk vektlegging av personvernet, medan eit krav om skuld tilgodeser ytringsfridommen. Dette gjeld særleg dersom skuldkravet går ut på at ytraren må ha handla forsettleg eller grovt aktlaust.

Personalia:
Bjørnar Borvik er fødd i 1972 i Molde. Han tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 2002, og har sidan vore tilsett i ulike stillingar ved juridisk fakultet. Han vart fast tilsett som førsteamanuensis i juli 2007.

Tid og stad for prøveforelesinga:
11.09.2008, kl. 15:15. Oppgitt emne: "Den europeiske menneskerettighetsdomstols rettsskapende virksomhet."
Stad: Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1, Bergen.

Tid og stad for disputasen:
12.09.2008, kl. 10:15, Auditorium 2, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1, Bergen.

Kontaktpersonar:
Bjørnar Borvik, tlf: 40 28 00 30, epost: bjornar.borvik@jur.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for juridiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side