Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

HIV/AIDS i Zambia: Brutal reduksjon i forventa levealder

Kumbutso Dzekedzeke   
Kumbutso Dzekedzeke disputerar 31. januar 2008 for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Adult mortality in the era of HIV in Zambia: making plausible estimates of adult mortality and the impact of HIV from limited data”

HIV/AIDS utgjer truleg den viktigaste årsaka til dødsfall blant vaksne i mange land i Afrika. Men kunnskapen om effekten av HIV på død (mortalitet) og livslengd er framleis mangelfull, og dette forskingsarbeidet sikta mot å betra slik innsikt. Basis for arbeidet var studiar blant ulike populasjonar i Zambia, bla. inngår estimering av HIV-relatert mortalitet (oppfølging over tid av ein populasjon med kjend HIV status) og måling av mortalitetsmønsteret i ulike tidsperiodar (frå folketeljingane i perioden 1969-2000).

Blant urbane menn og kvinner (alder 15-49 år), der prosent HIV smitta var 24%, var HIV viruset årsak til 74% av alle dødsfall, med andre ord at mortaliteten var 74% høgare enn den ville ha vore utan HIV. Forventa levealder blei estimert til 35 år for kvinner og 38 år for menn. Zambia oppnådde sterk auke i levekår og forventa livslengd etter frigjering i 1964, men er i dag attende på nivået for 40-50 år sidan.

Kvinner globalt har ein naturleg fordel framføre menn i form av lågare mortalitet. Denne fordelen var tapt (I Zambia og i andre populasjonar med alvorlege epidemiar i Afrika) som følgje av at kvinner blir smitta av HIV i større omfang og i yngre alder enn menn. Eit funn som overraska i denne studien var at kvinnefordelen (med betre overleving) var tapt alt på 1970-talet, noko som kan tyda på at HIV epidemien i Zambia er mykje eldre enn vi har trudd – at viruset faktisk var utbredd alt på 1960-talet. Eit lyspunkt i dette biletet er at vi no observerer nedgang i nysmitte av HIV i Zambia.

Dette arbeidet bidreg vesentleg innan metodeutvikling og har dessutan generert viktig ny kunnskap om HIV og mortalitet som bla. kan vera med på å gi meir pålitande nasjonale og regionale tal på folkemengd og overleving.

Forskinga blei finansiert av NUFU gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom Senter for Internasjonal Helse (SIH), Universitetet i Bergen og Universitetet i Zambia. Vegleiar er professor Knut Fylkesnes, SIH.

Personalia:
Kumbutso Dzekedzeke blei fødd i Lusaka, Zambia i 1967. Han er utdanna demograf og er tilsett ved Central Statistical Office, Zambia. Han har omfattande erfaring med populasjonsstudiar og var leiar for folketeljinga i Zambia i 2000.

Tid og stad for prøveforelesinga:
30.01.2008, kl. 14:15. Oppgitt emne: ”Effects of the HIV epidemic on total adult mortality and consequences for life expectancy and population growth in Sub-Saharan Africa - a review”
Sted: Store Auditorium, Haukeland sykehus

Tid og stad for disputasen:
31.01.2008, kl. 10:15, Store Auditorium, Haukeland sykehus

Kontaktpersonar:
Kumbutso Dzekedzeke, epost: Kumbutso.Dzekedzeke@student.uib.no
Professor Knut Fylkesnes: tlf: 55974980, epost: knut.fylkesnes@cih.uib.no
Mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side