Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Simulering av væskeflyt i komplekse porøse media

Birgitte Eikemo   
Birgitte Eikemo disputerer onsdag 3.desember 2008 for Phd-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Fast Solvers for Computing Transport in Unfractured and Fractured Porous Media”

I oljeindustrien er det viktig å kunne forstå flytmønster i oljereservoar for å optimere utvinning frå eksisterande olje- og gassfelt, samt å finne nye førekomstar. Også når det gjeld grunnvatn, som er ei vanleg kjelde for drikkevatn i mange land, er forståinga av væskeflyt viktig. Det vil normalt ta mange hundre år frå vatn filtrerer inn frå overflata til det igjen dukker opp i ei kjelde.

For å sikre grunnvatnkjelder mot ureiningar er det avgjerande å kunne forstå korleis ureiningar vil spreie seg i berggrunnen. For å få kunnskap om dette er det nødvendig å rekne ut korleis væskene i berggrunnen beveger seg. Væskeflyt i porøse media er modellert ved hjelp av system av partielle differensiallikningar. Slike system kan berre løysast ved hjelp av datasimuleringar.

Temaet i avhandlinga er knytta til utvikling og bruk av numeriske teknikkar i slike simuleringar. Det er fokusert på å utvikle raske løysingsmetodar som kan handtere kompliserte geometriar. Dette er spesielt viktig når væskeflyten er dominert av forkastningar eller sprekksystem, som også gjev store variasjonar i bergartsdata. Komplekse geometriar med forkastningar og sprekker representerar generelt store utfordringar for datasimuleringane.

Resultata i oppgåva gjev eit betre grunnlag for korleis ein kan forstå slike komplekse modellar, og er også eit grunnlag for betre modellering av slike system.

Personalia:
Birgitte Eikemo er født i 1980 og oppvokst på Hellestrand i Askvoll. Ho begynte å studere matematikk i Bergen i 1999, og tok cand.scient graden i 2004 ved Matematisk Institutt, Universitetet i Bergen. Frå 2004 har ho vore tilsett som stipendiat ved Matematisk Institutt. Doktorgradsarbeidet er utført ved Matematisk Institutt, UiB og Sintef IKT, avdeling for anvendt matematikk i Oslo. I forbindelse med doktorgradsarbeidet har Eikemo hatt opphold ved Institut für Wasserbau, Universität Stuttgart, Tyskland.

Tid og stad for disputasen:
03.12.2008, kl. 13:00, Auditorium Pi, Johannes Brunsgt. 12.

Kontaktpersonar:
Birgitte Eikemo, epost: Birgitte.Eikemo@math.uib.no
Mediekontakt Therese Marianne Istad, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: therese.istad@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side