Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

CO2 inn, naturgass ut

Geir Ersland   
Geir Ersland disputerar fredag 17. oktober for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Studies of flow mechanisms and hydrate phase transitions in fractured rocks”

Grunnleggjande kjennskap til korleis gass og væsker strøymer i porøse sedimentbergartar er avgjerande for best å utnytte petroleumsreservar og for utfordringar relatert til injeksjon og lagring av klimagassen CO2. Porenettverket sin natur og samspelet mellom viskøse og kapillære krefter samt gravitasjon er styrande for strøymingar i slike system. Attpåtil er reservoarbergartar ofte oppsprukne grunna tektonisk aktivitet, som for eksempel Ekofiskformasjonen sør på norsk sokkel.

Fyrste del av avhandlinga er ein eksperimentell studie som omhandlar oljeutvinning i slike oppsprukne system, og fører forklaringar på korleis utvinningsmekanismar forandrar seg med mineraloverflata sin væskepreferanse (væting).

Andre del av doktorgradsarbeidet nyttar oppsprukne reservoarmodellar av porøs sandstein til å studere produksjon av naturgass frå gasshydrat ved injeksjon av CO2. Gasshydrat er naturgass, hovudsakleg metan, som er fanga i holrom av hydrogenbunde vatn. Utsjånaden liknar vanleg is, men hydrat er berre stabilt under høgt trykk og låge temperaturar, som under store havdjup og i område med permafrost. Gasshydrat representerar ein utappa ressurs som er estimert til å bere meir energi enn konvensjonell gass, olje og kol til saman.

Resultata viser at CO2 byter plass med naturgassen ved eksponering mot hydratet i poresystemet, samt at overgangen skjer spontant, utan å tilføra varme. Dei eksperimentelle resultata er forklart med at CO2 stabiliserar hydratet betre enn naturgassen, og blir underbygd av termodynamiske simuleringar. Metoden skisserar ein idé til å utvinne naturgass frå hydrat samstundes som ein lagrar CO2.

Arbeidet er finansiert av Noregs Forskingsråd og ConocoPhillips. Professor Arne Graue og Professor Bjørn Kvamme har vore faglege rettleiarar.

Personalia:
Geir Ersland er fødd i 1978 og vaks opp på Bømlo i Hordaland. Han fullførte sin Cand Scient. grad i fysikk ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen i 2005 og starta PhD-studiet ved same institutt våren 2005.

Tid og stad for disputasen:
17.10.2008, kl. 12:15, Aud. 2 Realfagsbygget. Allégaten 41.

Kontaktpersonar:
Geir Ersland, tlf.: +47 55 58 28 68, epost: Geir.Ersland@ift.uib.no
Mediekontakt Therese Marianne Istad, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: therese.istad@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side