Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Hormon og genregulering i brystkreftceller

Ingvild Sveinsgjerd Fenne   
Ingvild Sveinsgjerd Fenne disputerer 9. oktober for PhD-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Regulation of Nuclear Receptor Coactivator GRIP1 by cAMP-Dependent Signaling”

Cellene i kroppen signaliserer til kvarandre gjennom hormon. Steroidhormon som til dømes østrogen, progesteron og testosteron kan passere fritt gjennom cellemembranen og binde seg til steroidhormonreseptorar. Ved aktivering vil reseptoren binde seg til spesifikke gen og stimulere uttrykkinga av desse. Men for at reseptoren skal fungere til dette formålet, er han avhengig av å samarbeide med spesifikke cellulære protein, kalla koaktivatorprotein. Aktiviteten til - og nivået av - desse koaktivatorproteina i celler er dermed avgjerande for kva genuttrykk ein får. Koaktivatorprotein spelar ei viktig rolle i regulering av gen som er involverte i prosessar som vekst, utvikling, og sjukdom. Det er kjent at unormale nivå av koaktivatorprotein i celler kan medverke til utvikling av fleire sjukdomar, som til dømes brystkreft. Auka kunnskap om funksjonen til koaktivatorar i celler vil difor kunne vere viktig for førebygging og behandling av brystkreft.

I avhandlinga har Fenne studert mekanismar i celler som er involverte i å regulere nivået og aktiviteten til koaktivatorproteina. Ho har funne at spesifikke hormon kan nedregulere aktiviteten til eit koaktivatorprotein via mekanismar som medfører degradering av koaktivatoren og endra intracellulær lokalisering av proteinet. Ho har vidare kartlagt kva denne reguleringa har å seie for verknaden av ulike steroidhormonreseptorar, mellom anna østrogenreseptoren.

Personalia:
Ingvild Sveinsgjerd Fenne er fødd i 1977 og er oppvaksen i Herøysundet i Kvinnherad. Ho er utdanna Cand. scient i biologi ved Zoologisk Institutt, Universitetet i Bergen, 2002. Doktorgradsarbeidet er utført ved Institutt for indremedisin, Seksjon for endokrinologi, Universitetet i Bergen, og ved Hormonlaboratoriet, Haukeland Universitetssjukehus, med professor Gunnar Mellgren som rettleiar.

Tid og stad for disputasen:
09.10.2008, kl. 10:15, Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei, 91

Kontaktpersonar:
Ingvild Sveinsgjerd Fenne, epost: ingvild.fenne@med.uib.no
Mediekontakt Therese Marianne Istad, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: therese.istad@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side