Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Å vente på å få ein diagnose

Tove Giske   
Tove Giske disputerer torsdag 6. mars 2008 for dr. polit-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Preparative waiting – a grounded theory study of gastroenterological patients going through the diagnostic phase in a university hospital”.
Føremålet med studiet var å lære meir om korleis pasientar, innlagde på sjukehus til utgreiing, opplevde prosessen og korleis dei handsama situasjonen sin.
Teorien ”Førebuande venting” er utvikla av analyse av 18 intervju med 15 pasientar som kom til sjukehuset pga av plager i mage-tarm-regionen. Dei var i aldersgruppa 35 – 84 år. Deltakarane hadde hatt plagene sine frå 1 dag til 9 år, 7 hadde stått på venteliste og 8 pasientar var innlagt som ØH.

Hovudutfordringa deltakarane kjende på var å førebu seg til konklusjonssamtalen og livet etterpå. Teorien ”Førebuande venting” viser korleis pasientar arbeider med å finne ut av og forstå kva som skjer med dei. Å leve med uvisse for framtida saman med smerte og problem som dei ulike symptoma gir, er ei stor byrde for pasientane.
”Førebuande venting” utgjer kjernevariabelen i teorien, som alt det andre er vove inn i. Balansering mellom håp og fortviling, der pasientar aktivt søker gode grunnar for håp samstundes som dei kontrollerer at negative tankar ikkje tek overhand, styrer korleis dei andre delane av teorien vart brukt. For å prøve å finne ut av kor alvorleg situasjonen er, søker pasientar informasjon frå og ønsker å gi informasjon til helsepersonell. Samstundes med dette vert alle haldepunkt både i og rundt pasienten tolka for å prøve å forstå mest mogleg av det som skjer. Parallelt med dette kjenner pasientar på den eksistensielle utfordringa uvissa gir: no er det mitt liv og mi framtid som står på spel. I denne prosessen vert dei meir medvitne på kva verdiar som er viktige i livet samt kva livssyn dei har. Dei tek også vare på seg sjølve ved å søke avkopling og ved å kome over i ein annan mental tilstand der dei kan kople frå presset utgreiing og usikkerheit er.

Avhandlinga gir innsikt i korleis pasientar som går gjennom utgreiing og venter på ein diagnose opplever og førebur seg til å ta imot over diagnose. Den gir såleis helsepersonell ein modell til å forstå meir av det skjulte og krevjande arbeidet slike pasientar går gjennom i utredningsfasen på veg mot ein diagnose.

Personalia:
Tove Giske (f. 1959) er oppvaksen på Valderøy. Ho vart utdanna sjukepleiar ved Betanien sykepleierhøgskole (1982) og cand. polit. (1992) ved Seksjon for sykepleievitenskap, Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd ved Hospitalet Betanien og sidan 1985 vore tilsett ved Haraldsplass diakonale høgskole. I perioden 2005 – 2007 har ho vore stipendiat og forskar ved Haraldsplass diakonale høgskole og dr. polit-student ved Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
05.03.2008, kl. 14:15. Oppgitt emne: "Health care communication in a busy hospital unit - which competences are needed?"
Stad: Auditorium 2, Bygg for Biologiske Basalfag, Jonas Lies vei 91.

Tid og stad for disputasen:
06.03.2008, kl. 10:15, Auditorium 2, Bygg for Biologiske Basalfag, Jonas Lies vei 91.

Kontaktpersonar:
Tove Giske, tlf. 9585 6632, epost: tove.giske@haraldsplass.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side