Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Risiko for dødfødsel knytt til foreldre sine sosio-demografiske kjenneteikn

Ndema Abu Habib   
Ndema Abu Habib disputerer 15. august 2008 for PhD graden ved Universitetet i Bergen, med avhandlinga:

“Population characteristics and birth outcomes in a developing country: A Hospital based registry study in Tanzania"

Risiko for dødfødsel og død i første leveveke (perinatale dødsfall) er framleis svært høg i utviklingsland, og særleg i afrikanske land sør for Sahara. Tusenårsmål nummer fire til Dei sameinte nasjonar, som er å redusere talet på dødsfall blant barn under fem år til ein tredjedel innan år 2015, vil vere vanskeleg å oppnå utan å fokusere på perinatale dødsfall. I avhandlinga studerer Habib fødslar i 1999-2006 ved Kilimanjaro Christian Medical Centre, Moshi, Tanzania, for å sjå korleis sosio-demografiske og andre kjenneteikn hjå foreldra er relatert til perinatal død. Ho ser også på korleis HIV-infeksjon hjå mor, som er vanleg i dette området, er relatert til perinatal død og andre uheldige utfall av svangerskapet. Det er også gjort ei samanlikning med data frå USA for å studere om fødslar før termin kan forklare den høge risikoen for perinatal død i denne delen av Afrika.

Resultata viser at risikoen for perinatal død framleis er svært høg i Tanzania, og at dette ikkje kan forklarast ut frå fødslar før termin eller låg fødselsvekt. Risikoen for perinatal død var relatert til foreldra sine sosio-demografiske kjenneteikn. Også risikoen for HIV infeksjon hjå mor og risiko for ukjent HIV-status hjå mor var relatert til mor og far sine sosio-demografiske kjenneteikn. Størst risiko for eit uheldig utfall av svangerskapet hadde kvinner som var HIV-infisert men som ikkje var under behandling for HIV, følgd av kvinner som hadde ukjent HIV-status. Behandling for HIV reduserte den perinatale risikoen ned til same nivå som for kvinner utan HIV-infeksjon, med unntak av ein høgre risiko for låg Apgar score.

Personalia:
Ndema Abu Habib er biostatistikar frå Muhimbili University College for Health Sciences, Tanzania. Doktorgradsprosjektet hennar er finansiert av NUFU. Avhandlinga utgår frå Institutt for samfunnsmedisinske fag og Senter for internasjonal helse, Universitetet i Bergen, i samarbeid med Kilimanjaro Christian Medical Center, Moshi, Tanzania. Habib arbeider no ved Section for Statistics and Informatics Services, Reproductive Health and Research Department, World Health Organization, Geneva.

Tid og stad for prøveforelesinga:
14.08.2008, kl. 14:15. Oppgitt emne: ”Designing a representative sentinel surveillance system for birth registration: Is it possible to implement in a resource poor country?”
Stad: Birkhaugsalen, Sentralblokka, Haukeland Universitetssjukehus.

Tid og stad for disputasen:
15.08.2008, kl. 10:15, Birkhaugsalen, Sentralblokka, Haukeland Universitetsjukehus

Kontaktpersonar:
Ndema Abu Habib, epost: ndema.habib@isf.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side