Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2008

NY DOKTORGRAD

Stigande havnivå og elvedeltaer

Kristian Helle   
Kristian Helle disputerer 4. april for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“ The response of prograding wave-dominated deltas to rising relative sea level ― Trajectory analysis as an approach to recognise controls on palaeogeography and stratigraphic architecture.”

Olje og gass blir i mange områder utvunne frå sandstein som opphavlig vart avsett i nærleiken av der elvesystem møter havet (delta). Auka kunnskap om kva som kontrollerer fordelinga av sand i slike områder er essensielt for å forstå korleis olje og gass er fordelt i undergrunnen og korleis ein best mulig kan utvinne denne. Ved å samanlikne gamle (forsteina) elvesystem som no er eksponert på jordoverflata, med brønndata frå produserande reservoar og seismiske data frå undergrunnen kan ein utvide kunnskapen om korleis slike delta distribuerer sand under ulike føresetnadar.

Avhandlinga tar for seg 3 studieområde som består av gamle, sandrike, bølgjedominerte delta system: 1) det 180 millionar år gamle Brent delta i Nordsjøen (kjerne og gammalogg data), 2) dei 70 millionar år gamle deltaene i Blackhawk formasjonen i Utah, USA (blotningsdata), og 3) det 2 millionar år gamle Orinoco deltaet i Venezuela (seismiske data). Desse områda vart utsett for forskjelleg hastigheit av relativ havnivåstigning medan kystlinja migrerte mot havet og delta systema utvikla seg derfor svært forskjelleg, noko som igjen resulterte i forskjelleg distribusjon av sand.

Slike delta kan deles inn i 6 forskjellege prograderande modus som vert aktivert ettersom havet stig suksessivt raskare. Generelt endrar kystlinja seg frå å vere rettlina (og å ha rette sandsteinskroppar) utan laguner (modus A), til å vere rettlina med laguner (modus B), til å ha ein aukande kurvatur (sand lober) (modus C). Utvikling av kurvatur langs kystlinja kan medføre at ein får bygd opp kontinentalhyller langs kysten (opp til eit par 1000 m høge) (modus D). Vidare kan ustabilitet langs eggakanten på slike kontinentalhyller medføre opp til 100 m djupe utrasingar (modus E). Det siste stadiet i ein slik progradasjon er når kontinentalhylla vert for høg til å vere stabil, noko som medfører utviklinga av vekstforkastingar (opp til fleire 1000 m djupe) som fangar store mengder sand (modus F).

Personalia:
Kristian Helle (f. 08.10.75), er født i Bergen, men er oppvekst i Rosendal i Kvinnherad. Han er utdanna cand. scient. i sedimentologi / petroleumsgeologi ved Universitetet i Bergen i 2003 og jobba ein periode offshore før han begynte å jobbe med doktorgraden ved Institutt for Geovitenskap ved Universitetet i Bergen i 2004.

Tid og stad for disputasen:
04.04.2008, kl. 11:15, Auditorium 5, Realfagbygget, Allégt. 4|

Kontaktpersonar:
Kristian Helle, tlf. 95221704, epost: kristian.helle@geo.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.