Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Den rettsstatlege strafferetten

Jørn RT Jacobsen   
Jørn RT Jacobsen disputerer 19. september for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen:

”Fragment til forståing av den rettsstatlege strafferetten”

Kva rammer er det for strafferetten i den demokratiske rettsstaten? Gjennom dette spørsmålet søker avhandlinga å diskutere det ideologiske grunnlaget og rammeverket for norsk strafferett. Som konkret inngangspunkt til denne problematikken tek avhandlinga opp spørsmålet om den stadig meir ekstensive kriminaliseringa av førebuingshandlingar og den meir generelle tendensen i retning av ein meir ”pre-aktiv” strafferett. Desse tendensane let seg illustrere gjennom fleire nyare lovframlegg og lovendringar. Avhandlinga diskuterer det mest vidtgåande av framlegga, eit framlegg som, om vedteke, ville føre til at alle førebuingshandlingar til terrorisme vart kriminaliserte.

Avhandlinga kan seiast å vere bygd opp omkring to delar. Fyrste del inneheld visse viktige utgangspunkt og innleiande avklaringar. Her finn ein mellom anna ein kommentar til eksisterande norsk strafferettsvitskap, det tomrommet som avhandlingsproblematikken kan seiast å representere der og det behovet som er, gjeve den kontemporære strafferetten si utvikling, for fylling av dette tomrommet. I tillegg gjer avhandlinga i denne fyrste delen ein analyse av dei rettsteoretiske utgangspunkta for forståing av rettsstaten som rammeverk for den straffrettslege og særleg strafferettsvitskaplege verksemda.

Andre del konkretiserer utgangspunkta frå fyrste del gjennom ein analyse av det ovanfor omtalte lovframlegget. I analysen av dette lovframlegget vert ei rekkje ulike rettsstatsprinsipp, og då særleg legalitetsprinsippet, diskutert. Avhandlinga argumenterer for at den rettsstatlege strafferetten må forståast som meir kompleks enn som eit reint formelt rammeverk for strafferetten. Gjennom ein analyse av den idehistoriske bakgrunnen for rettstatsprosjektet, og i særleg grad ut frå premissar som har sin bakgrunn i Kant si klargjering av individet sin status som moralsk autonomt, utviklast det ei skissemessig forståing av den rettsstatlege strafferetten og rammene for den. Den rettsstatlege strafferetten vert i avhandlinga forstått som modellert omkring siktemålet å sikre individa si like stilling som autonome. Dette siktemålet dannar både grunnlag og ramme for strafferetten. Eit sentralt element i denne sikringa er ei balansering av individa sine ulike fridomsrettar.

Gjennom denne forståinga vender så avhandlinga til sist attende til problematikken knytt til førebuingskriminalisering. I relasjon til førebuingsproblematikken vert det i forlenging av dei generelle utgangspunkta argumentert for at kriminaliseringar av andre handlingar enn dei som medfører skade på andre eller som set andre sin fridom i fare, som eit klart utgangspunkt ikkje let seg sameine med den rettsstatlege strafferetten. For førebuingshandlingane sin del inneber det særleg at handlinga fyrst skal gjerast straffbar når gjerningspersonen gjennom si handling mistar kontrollen over den vidare hendingsgongen, slik at det ikkje lenger står i denne si makt å hindre at andre individ ikkje vert skada.

Personalia:
Jørn RT Jacobsen har arbeidd ved Det juridiske fakultetet, Universitetet i Bergen, sidan 2003.

Tid og stad for prøveforelesingane:
18.09.2008, kl. 15:15. Oppgitt emne: Straffansvar for juridiske personer i Norge

Stad: Auditorium 2, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1, Bergen.

Tid og stad for disputasen:
19.09.2008, kl. 10:30, Auditorium 2, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1, Bergen.

Kontaktpersonar:
Jørn RT Jacobsen, epost: jorn.jacobsen@jur.uib.no
Mediekontakt Therese Marianne Istad, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: therese.istad@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for juridiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side