Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kontrollgen hos ryggstrengdyr

Anna Zofia Komisarczuk   
Anna Zofia Komisarczuk disputerer torsdag 19. juni for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Cis-regulation and mis-regulation - Insights into genomic regulatory mechanisms underlying the control of fgf8a in zebrafish Danio rerio"

Komisarczuks avhandling omhandler eit gen som kontrollerer mange prosessar involvert i fosterutvikling og sjukdom hos ryggstrengdyr (Fgf8). Dette genet spelar ei nøkkelrolle i fleire cellulære prosessar under fosterutviklinga, (td overleving, differensiering, vandring og vekst) og er ansvarleg for at utviklinga av fosteret går rett for seg, bla. ved å organisere inndelinga av hjernen, starte og vedlikehalde vekst av lemmene, regulere forlenging av kroppsaksen og sørge for materiale til utvikling av strukturar som musklar, ryggrad og hud. Aktiviteten til genet er nøye regulert på fleire ulike nivå i cellene under heile fosterutviklinga.

I fisk har det skjedd ei duplisering av heile genomet slik at ein har to kopiar av det. I sebrafisk er det studerte genet regulert av fleire konserverte ikkje-kodane regulatoriske element. Funksjonelle analyser av desse regulatoriske elementa tyder på at mange av dei verkar som spesifikke ”enhancere” for dette genet, i motsetning til andre gener, som ligg innanfor eit område på kromosomet definert som ei funksjonell eining og kalla ei genomisk regulatorisk blokk (GRB). Slike blokker er konserverte gjennom evolusjonen. Omorganisering i ei GRB kan forstyrre reguleringa av målgenet i blokka, noko som igjen kan føre til feil i fosterutviklinga og til genetiske sjukdommar hos menneske.

Personalia:
Anna Zofia Komisarczuk er fødd i 1980 og oppvaksen i Lublin, Polen. Ho tok Master-graden i bioteknologi ved Maria Curie–Sklodowska Universität i 2004 og tok same år til med doktorgraden ved Sarssenteret ved Universitetet i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
19.06.2008, kl. 10:15, Stort Auditorium, rom 2144, Datablokken, Høyteknologisenteret, Thormøhlensgt. 55

Kontaktpersonar:
Anna Zofia Komisarczuk, epost: anna.komisarczuk@sars.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side