Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Gardsdagbøker fortel klimahistorie tilbake til 1700-talet

Øyvind Nordli   
Øyvind Nordli disputerer 10. juni for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Norwegian farmers' diaries used for quality control
and calibration of early instrumental observations,
and for temperature reconstructions"

For 250 år sidan nådde bretungene lengre ned i dalane enn i dag. Klimatologar og historikarar tok dette som eit prov på at perioden var spesielt kald og gav den namnet Den vesle istida, som gjerne blir datert frå om lag 1550 fram til 1850. Men kor kald var perioden eigentleg? Det er det ikkje lett å svara på for det var fyrst på 1860-talet at Noreg fekk eit landsdekkjande nettverk av meteorologiske stasjonar.

Heldigvis kan indirekte data brukast og det er mellom bøndene ein kan finne den naturlege stabiliteten i levesett som gjer det mogleg å hente opplysningar over lange tidsspenn. Det viser seg at startdatoen for skurden kan nyttast som eit indirekte uttrykk for sommartemperaturen. Var temperaturen om sommaren låg, kom skurden seint, men var sommaren varm, kom skurden tidleg. Mange bønder og også husmenn kunne lesa og skrive, slik at data om skurden vart berga for ettertida. Dermed fekk vi det vi kan kalle gardsdagbøker der gardbrukarane skreiv notat for eige bruk, kanskje for seinare nytte i gardsdrifta. Det er såleis all grunn til å gå ut ifrå at gardsdagbøker er ei trygg datakjelde. Bøkene gjev dessutan ofte opplysningar rundt dataa som kan vera vesentlege for tolkinga.

Doktoranden har sjølv samla data frå gardsdagbøker, anten ved besøk på gardar eller i arkiv alt etter kvar materialet fanst, og brukt det til rekonstruksjon av temperatur. For Vestlandet og Dovre-området vart det funne at temperaturen har stige om lag 1 grad C om våren og sommaren sidan slutten av Den vesle istida. Basert på isløysinga frå sjøar (Randsfjorden og Mjøsa) fann han at temperaturen frå seinvinteren til våren på Austlandet har stege vel 2 gradar C. Somme særleg strenge klimaperiodar vart lokaliserte. Det er dei tidlege 1740-åra, det fyrste ti-året av 1800-talet, siste halvdel av 1830-talet og dessutan 1860-talet. Særleg var situasjonen ille tidleg på 1800-talet då både ettervinteren, våren og sommaren var kalde. Mange av desse periodane var kjende borkebrødstider med høg dødsrate.

Personalia:
Øyvind Nordli er fødd (1943) og oppvaksen på Lesja i Gudbrandsdalen. Han vart Cand. real. ved universitetet i Oslo i 1969 og er no tilsett ved Klimadivisjonen på Meteorologisk institutt i Oslo. Arbeidet er i det vesentlege gjort ved instituttet under prosjektet NORPAST som var finansiert frå Noregs Forskingsråd.

Tid og stad for disputasen:
10.06.2008, kl. 11:15, Auditorium 2, Realfagbygget, Allégt. 41

Kontaktpersonar:
Øyvind Nordli, epost: Oyvind.Nordli@met.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side