Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2008

NY DOKTORGRAD

Romvær studert med lågbanesatellittar

Marita Sørbø   
Marita Sørbø disputerer 12. september 2008 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen:

"Energetic particles at low altitudes in the equatorial region. Temporal/spatial variations and implications for the source region"

Avhandlinga gjev ny kunnskap om geomagnetiske stormar og ringstraumen, begge ein manifestasjon av vekselverkinga mellom solvinden og jordas nære verdsrom. Ringstraumen ligg i ekvatorplanet i ei høgd på ca 3-6 jordradier, og er ein elektrisk straum sett opp av elektron og positive ion/proton som kretser i motsatt retning rundt jorda. Protona og dei positive iona har energiar rundt 10-100 keV, og me kaller dei energetiske partiklar eller ringstraumpartiklar. Ein lågbanesatellitt (<1500 km) i polar bane vil detektere ringstraumpartiklar i nord- og sørlysområda der partiklane kjem ned mot atmosfæra langs magnetfeltlinene. På lågare breidder vil lågbanesatellitten normalt ikkje observere desse partiklane, men under geomagnetiske stormer, når det nære verdsrommet rundt jorda er sterkt magnetisk forstyrra, måler satellitten partiklane også på breidder på og nær den magnetiske ekvator.

I avhandlinga vert denne partikkelpopulasjonen på låge breidder grundig studert. Avhandlinga drøfter blant anna eigenskapar til partiklane, og romlege og tidsmessige variasjonar i geomagnetiske stormar. Partiklane kjem frå ringstraumen ved at nøytrale partiklar, som kan ha ei rørsle på tvers av magnetfeltlinene, vert danna i ringstraumen og flytter seg ned mot jorda. Nær jorda kan partiklane verta detektert anten som nøytrale partikler, eller som ladde partiklar etter ladningsutveksling med atmosfæriske partiklar. Partikkelpopulasjonen på låge høgder er kortlivd og vil spegla kjeldeområdet direkte.

I avhandlinga vert kjelda, ringstraumen, studert både via partiklane på låge høgder rundt ekvator, men også via partiklane som kjem direkte ned til nord- og sørlysområda langs magnetfeltlinene. Bakkebaserte magnetfeltmålingar er også brukt. Avhandlinga studerer taps- og akselerasjonsprosessar for ringstraumen i ulike typar geomagnetiske stormar.

Arbeidet har vore finansiert av Norges Forskningsråd, og utført ved Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen.

Personalia:
Marita Sørbe er født i 1977 og oppvokst på Voll i Klepp kommune på Jæren. Cand.Scient i fysikk frå Universitetet i Bergen i 2004. Arbeider no i Bergen Oilfield Services.

Tidspunkt og stad for disputasen:
12.09.2008, kl. 13:15, Auditorium 2, Realfagbygget.

Kontaktpersonar:
Marita Sørbø, epost: marita.sorbo@uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånes på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.