Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kronisk utmattingssyndrom: helseplager, behandling og prognose

Bjarte Stubhaug   
Bjarte Stubhaug disputerer 6.juni 2008 for dr.med.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Chronic fatigue syndrome: Health and impairment, treatment and prognosis”

Kronisk utmattingssyndrom (CFS) er ein tilstand kjent som neurasteni gjennom hundre år, med store helseplager og omfattande funksjonssvikt. Sjukdommen har ingen sikker kjent årsak, behandlingstiltak har vist ujamn effekt, og prognosen er usikker og varierande. I avhandlinga viser Stubhaug at pasientar med neurasteni og kronisk utmattingssyndrom har omfattande helseplager, stort sjukefråvér og nedsett livskvalitet, og stadfester tidlegare forskingsfunn om CFS.

I ei randomisert, kontrollert behandlingsstudie av pasientar med kronisk utmatting viser eit kognitivt-orientert behandlingsprogram større effekt etter 3 mnd enn medikamentet mirtazapine og placebo. Etter 6 mnd viser kombinasjonen av kognitivt behandlingsprogram i 3 mnd og seinare mirtazapine i 3 mnd vesentleg større effekt på utmattingssymptom enn annan kombinasjonsbehandling. Effekten av slik kombinasjonsbehandling er ikkje vist tidlegare. I ei 5 års oppfølgingsstudie av same pasientgruppe med kronisk utmatting viser halvparten av pasientane god klinisk betring, uavhengig av tidlegare behandling. Pasientar med rask sjukdomsstart, mest omfattande utmattingsplager ved debut og liten betring første tida viser mindre betring og dårlegare prognose over 5 år. I ein studie av personlegdomsfaktorar hos pasientar med kronisk utmattingssyndrom (CFS) finn ein ingen større førekomst av personlegdomsforstyrring enn hos andre grupper. Dette er nye funn, og samanhang mellom CFS og psykiatriske plager blir ikkje stadfesta.

Funna i avhandlinga styrkjer synet på CFS som ein funksjonell sjukdom i sentralnervesystemet, der både biologiske og psykologiske faktorar påverkar sjukdomsutvikling, og der psykologisk medisinsk tilnærming vil vere nyttig. I avhandlinga blir det drøfta om sensitiviseringsteoriar kan auke forståinga for sjukdomsmekanismar ved CFS; både fysiologisk og kognitiv sensitivisering. Negative tankemønster kan forsterke patofysiologiske reaksjonar skapt av ulike andre sjukdommar. Eit slikt perspektiv vil ha konsekvensar for behandlingstilnærming ved CFS, slik det er utprøvd i studien i avhandlinga.

Avhandlinga utgår frå Institutt for klinisk medisin, UiB, med tilknytning til forskarnettverket for stress og helse ved Unifob Helse/ HEMIL og (tidl) Institutt for biologisk og medisinsk psykologi. Kliniske studium er gjort ved Haugesund sjukehus, Helse Fonna.

Personalia:
Bjarte Stubhaug er fødd i Bergen, oppvaksen på Fitjar. Medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen 1981. Spesialist i psykiatri 1988. Han har tidlegare arbeidd som ass.lege ved Valen sjukehus, avd.overlege/sjeflege ved Stord sjukehus, avd.overlege Haugesund sjukehus; frå 2004 ved Haukeland Universitetssjukehus som avd.sjef/ fagsjef Psykiatrisk divisjon. Universitetslektor ved UiB. Bjarte Stubhaug har vore aktiv i fagpolitisk arbeid i Legeforeningen, leiar i Norsk psykiatrisk forening 1999-2005, medlem i ulike nasjonale helseutval, Nasjonalt kompetansenettverk for CFS/ME og Kunnskapssenterets fagråd.
Frå juni -08 avtalepraksis i psykiatri ved Frihamnsenteret, Skånevik.

Tid og stad for prøveforelesinga:
05.06.2008, kl. 15:15. Oppgitt emne: "Theories of sensitization and their potential relevance in understanding fatigue disorders"
Stad: Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

Tid og stad for disputasen:
06.06.2008, kl. 10:15, Store auditorium, Sentralblokka, Haukeland Universitetssjukehus

Kontaktpersonar:
Bjarte Stubhaug, tlf 90830496, epost: bjarte.stubhaug@helse-bergen.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side