Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Genet Arc styrer minne på nervecellenivå

Adrian Tiron   
Adrian Tiron disputerer for PhD-graden ved Universitetet i Bergen den 27. juni med avhandlingen:

“The role of immediate early gene Arc/Arg3.1 in long-term potentiation and neurogenesis”.

Vår evne til å hugse og endre åtferdsmønster er avhengig av endringar i hjernen. Kommunikasjon mellom nerveceller skjer ved små kontaktpunkt som vert kalla synapsar. Endringar i signal ved synapsar kan ligge til grunn for lagring av informasjon i hjernen. Avhandlinga granskar mekanismen bak ein slike langvarig effekt, som vert kalla langtidspotensiering (LTP). Funna våre demonstrerer eit dynamisk behov for eit bestemt gen, Arc, i oppretthaldinga av LTP i levande rotter. Arc fører truleg til at synapsekoplingar mellom nerveceller veks og blir sterkare. I denne delen av hjernen (hippokampus) vert det òg danna nye nerveceller heile livet. Desse vert danna frå eksisterande stamceller. Avhandlinga knyter uttrykk av Arc-genet til mogning og integrering av disse nye nervecellene i eksisterande nervekrinsar. Desse funna er såleis viktige for vidare forsking på Alzheimers sjukdom og andre tilstandar med sviktande hugse.

Personalia:
Adrian Tiron er fødd i Romania i 1977 og har mastergrad i biologi frå Universitatea Alexandru Ioan Cuza. Sida 2004 har han vore tilsett som universitetsstipendiat ved Institutt for biomedisin med professor Clive R. Bramham som rettleiar.

Tid og stad for disputasen:
27.06.2008, kl. 10:15, Auditorium 1, Bygg for Biologiske Basalfag (BBB), Jonas Lies vei 91.

Kontaktpersonar:
Adrian Tiron, epost: adrian.tiron@biomed.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side