Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Nordlys og temperatureffektar

Hilde Nesse Tyssøy   
Hilde Nesse Tyssøy disputerer 11. januar for PhD graden ved Universitetet i Bergen (UiB) med avhandlinga:

”Effects of energetic particle precipitation on the upper mesosphere and lower thermosphere”

Nordlys oppstår når energetiske lada partiklar som er fanga i magnetfeltet til jorda kolliderer med atmosfæren. I kollisjonane overfører dei lada partiklane energien sin til atmosfæregassane. Atmosfæregassane kvittar seg deretter med delar av den tilførte energien ved å senda ut lys og me får nordlys. Den resterande energien vil gå med til å auka temperaturen, setja i gang kjemiske reaksjonar og auka den elektriske leiingsevna til atmosfæren. Endringar i den kjemiske balansen og straumar som vert sett opp på grunn av auka leiingsevne kan også påverka temperaturen. Korleis temperaturendringa vert fordelt i atmosfæren er avhengig av mellom anna vindar. I skiljet mellom mesosfæren og termosfæren, i 80-100 km høgd, finn me det kaldaste området i atmosfæren. Her kan temperaturen verta lågare enn minus 130°C. Over 100 km stig temperaturen raskt og kan verta høgare enn 1000°C. I den øvre mesosfæren og den nedre termosfæren har det tradisjonelt vore vanskeleg å måla temperaturen. Dette høgdeområdet er såleis det området i atmosfæren ein veit minst om.

I denne avhandlinga har ein nytta både bakkebaserte målingar og satellittmålingar for å overvaka både temperaturen og fluksen av energetiske lada partiklar mellom 80-120 km høgd. Avhandlinga legg særskilt stor vekt på eit laserinstrument ved atmosfæreobservatoriet ALOMAR på Andøya i Nordland, som vert nytta til å måla temperaturen i det aktuelle høgdeområdet. Resultata frå dei ulike målingane indikerer at over 100 km vert atmosfæren oppvarma av kollisjonar med dei lada partiklane. Under 100 km er derimot temperaturendringa liten i forhold til andre naturlege variasjonar i temperaturen forårsaka av til dømes tyngdebølgjer i atmosfæren.

Personalia:
Hilde Nesse Tyssøy har vakse opp på Feste i Lindås kommune. Ho er utdanna cand. scient. i fysikk ved UiB i 2004, og har arbeida med doktorgraden ved Forsvarets forskningsinstitutt i samarbeid med Institutt for fysikk og teknologi ved UiB.

Tidspunkt og sted for disputasen:
11.01.2008, kl. 13:15, Auditorium 2, Realfagbygget, Allégt. 41

Kontaktpersoner:
Hilde Nesse Tyssøy, epost: hilde.nesse@ift.uib.no
Mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side