Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Far og son i romersk kultur

Matti Wiik   
Matti Wiik disputerer fredag 18. januar for dr.art. graden ved Universitetet i Bergen på avhandlinga:

“Images of Roman Epic Paternity: Anchises in Vergil’s Aeneid”.

Emnet for avhandlinga er figuren Anchises i eposet Aeneiden av den romerske diktaren Vergil. Jamvel om Vergil-forskinga er svært stor, har Anchises fått etter måten lite merksemd. I avhandlinga vert dei ymse rollene til denne personen analysert med bak-grunn både i litterær tradisjon og i den vidare romerske kulturelle kontekst. Anchises er far til Aeneas, den mest sentrale helten i diktet. Dette gjev han ein framståande posisjon innanfor den romerske episke konteksten. I romersk kultur spela pietas, lojalitetsbandet mellom far og son, ei stor rolle. Denne førestellinga er sentral i dei delar av diktet der Anchises er med. Tilhøvet mellom far og son går att i både den litterære, ideologiske og politiske tematikken i Aeneiden. Anchises kan såleis seiast vera mellom dei element som representerer dei kulturspesifikke romerske drag i diktet.

Personalia:
Matti Wiik er utdanna cand.philol. i latin ved UiB i 2000. Sidan har han undervist i klassiske fag ved Universitetet i Bergen og Misjonshøgskolen i Stavanger.

Tid og stad for disputasen:
18.01.2008, kl. 09:30, Auditorium B, Sydneshaugen skole

Kontaktpersonar:
Matti Wiik, tlf. 415 83 577, epost: Matti Wiik@lle.uib.no
Mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side