Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kunnskapsbygging for effektiv HIV førebygging i Tanzania

Khadija Innocensia Yahya-Malima   
Khadija Innocensia Yahya-Malima disputerer 11.januar 2008 for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

” Epidemiological context of HIV infection in rural Manyara and Singida regions, Tanzania; antenatal and population-based studies”

Spreiing av HIV har vore særleg omfattande i land i Afrika sør for Sahara der om lag 23 million menneske er smitta. Omfanget varierer derimot mykje frå land til land og innan land. I Tanzania er 7% av menn og kvinner i alderen 15-49 år smitta, men også her er det store geografiske variasjonar. Innsikt i årsakene til slike variasjonar er avgjerande viktig for å utvikla effektive tiltak.

Kunnskap om utbreiing av HIV i kommunikasjonsmessig isolerte område var lenge svært mangelfull i Tanzania. Siktemålet med dette arbeidet var å studera den lokale epidemiologiske konteksten (omfang og spreiingsmønster av HIV og assosierte risikofaktorar) i eit utkantområde i Tanzania for å skaffa nødvendig basis for planlegging og evaluering av lokale tiltak. Studien blei utført i nedslagsområdet til Haydom Lutheran Hospital i Manyara regionen. Informasjon innhenta frå dette sjukehuset indikerte at omfanget av HIV var relativt svært lågt (<0,4%). Området er prega av stor grad av kulturell variasjon, noko som utfordrar tiltaksutvikling på ein særleg måte.

Arbeidet var basert på to typar data samla inn frå same området; i) gravide kvinner, og ii) kvinner og menn i den generelle befolkninga i alderen 15-49 år.

Ein sentral konklusjon frå dette forskingsarbeidet var at ein alvorleg HIV epidemi var under utvikling i området. Omfanget av epidemien var framleis relativt låg (2%) samanlikna med andre område i Tanzania, men det seksuelle åtferdsmønsteret saman med auka kontakt med omverda peikte mot at potensialet for ein alvorleg framtidig epidemi var betydeleg – om ikkje rask innsetting av effektiv førebygging. Eit viktig trekk ved det seksuelle åtferdsmønster var at kondomvern ved tilfeldig sex var omtrent fråverande. Studien viste dessutan at utbreiinga av andre kjønnssjukdomar var omfattande (særleg genital herpes men også syfilis) og derfor utgjer ein særleg stor risiko for auka HIV smitte. Dette arbeidet har generert viktig kunnskap som basis for førebyggande tiltak.

Forskinga er finansiert av NUFU gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom Senter for Internasjonal Helse (SIH) ved Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Universitetet i Dar es Salaam og School of Nursing,,(MUHAS). Prosjektet er gjennomført i nært samarbeid med Haydom Lutheran Hospital, Tanzania. Hovudvegleiar er Professor Knut Fylkesnes, SIH, og medvegleiarar er Professor Meckey Matee, Department of Microbiology, MUHAS, Tanzania og Dr.med. Bjørg Evjen-Olsen, Kvinneklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus og Haydom Lutheran Hospital, Tanzania.

Personalia:
Khadija Innocensia Yahya-Malima blei fødd i 1967, Tanzania. Ho er tilsett ved School of Nursing, Muhimbili University of Health and Allied Sciences (MUHAS), Dar es Salaam, Tanzania, og har sjukepleiefagleg bakgrunn med BSc i sjukepleie (MUHAS) og Mphil i epidemiologi frå Institute of Public Health, University of Cambridge. Khadija var i stipendtida tilsett ved Department of Human Resources, Ministry of Health, Tanzania.

Tid og stad for prøveforelesinga:
10.01.2008, kl. 14:15. Oppgitt emne: “Control of sexually transmitted infections as part of HIV prevention: rationale, opportunities and challenges”
Stad: Auditoriet, Armauer Hansens Hus, Haukeland sykehus

Tid og stad for disputasen:
11.01.2008, kl. 10:15, Auditoriet, Armauer Hansens Hus, Haukeland Universitetssjukehus

Kontaktpersonar:
Khadija Innocensia Yahya-Malima, epost: kma052@uib.no
Professor Knut Fylkesnes, Senter for Internasjonal Helse, UiB: tlf. 55974980, epost: knut.fylkesnes@cih.uib.no
Mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side