Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Læraren i det digitale klasserommet

Aslaug Grov Almås   
Cand. polit. Aslaug Grov Almås disputerer tysdag 8. desember for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Teachers in the Digital Network Society: Visions and Realities. A study of teachers’ experiences with the use of ICT in teaching and learning"

Ulike former for informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) har endra kvardagen for dei fleste av oss. Også for lærarar. Ved dei vidaregåande skulane i landet er alle elevar utstyrt med berbare datamaskinar. Skulereforma Kunnskapsløftet er ei historisk IKT-satsing for skulen og har fremja bruk av digitale verktøy som ein grunnleggjande dugleik på line med lesing, rekning, munnleg framstilling og skriving. Kva konsekvensar får dette for lærarrolla? Ser ein noko endring i det heile?

Målet med denne kvalitative doktorgradsstudien er å få fram kunnskap om korleis lærarar i vidaregåande skule sjølve opplever lærarrolla når IKT skal vera ein obligatorisk og integrert del av undervisinga i alle fag. I feltarbeidet gjennomførte Almås både dokumentanalysar, observasjon og intervju. Dei utvalde vidaregåande skulane og lærarane har vore tidleg ute med implementeringa av IKT og såleis skaffa seg ein god del røynsle på området i forkant av skulereforma Kunnskapsløftet.

Gjennom tre publiserte vitskaplege artiklar fokuserer Almås på lærarane si profesjonelle utvikling, digitale kompetanse, opplevingar og forklaringar kring eigen praksis, samt deira didaktiske utfordringar i den digitale skulen.

Studien syner at det er vanskeleg for praktikarar å artikulera sin profesjonelle kompetanse og dermed forblir dette ofte ein ”taus kunnskap”. Difor har studien sin metodiske bruk av fleirstegsrefleksjon rundt videoopptak av undervisinga til desse lærarane vist seg å vere ein god strategi for å gjere deira ”tause kunnskap” meir eksplisitt. Studien syner òg at for å handtere kompleksiteten i dagens digitale skule, må læraren utvikle ein solid digital kompetanse som ein del av ei meir heilskapleg lærarrolle. Dette set samstundes nye krav til didaktikken som blir praktisert og difor peikar Almås på at det er naudsynt med ei revitalisering av det didaktiske omgrepet for å fange lærarrolla og undervisinga sin kompleksitet i den digitale skulen.

Personalia:
Aslaug Grov Almås er født i 1972 og er busett på Stord. Ho har adjunktutdanning frå Høgskulen Stord/Haugesund og hovudfag i pedagogisk informasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd fem år i den vidaregåande skulen og ti år i lærarutdanninga og mastergradsutdanninga ”IKT i læring” ved Høgskulen i Stord/Haugesund. I perioden 2006-2009 har ho vore doktorgradsstipendiat ved Høgskulen Stord/Haugesund. Almås deltek i forskingsgruppa ”Digital Learning Communities” (DLC) ved lærarutdanninga ved Det Psykologiske Fakultet, UiB.

Tid og stad for prøveforelesinga:
07.12.2009, kl. 16:15. Oppgitt emne: ”Hvordan kan vi forstå mange læreres vegring mot å anvende IKT i undervisning?”
Stad: Auditorium 130, 1. etg., Christiesgt. 12.

Tid og stad for disputasen:
08.12.2009, kl. 10:15, Auditorium 130, 1. etg., Christiesgt. 12.

Kontaktpersonar:
Aslaug Grov Almås, tlf. 99 73 14 91, epost: aslaug.almas@hsh.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a),
epost: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for psykologi, utdanning og helse. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side