Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Gammalfranske forteljingar i gammalnorsk språkdrakt

Ingvil Brügger Budal   
Ingvil Brügger Budal disputerer fredag 12. juni 2009 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Strengleikar og Lais. Høviske noveller i omsetjing frå gammalfransk til gammalnorsk”

Ein stor del av den overleverte gammalnorske litteraturen frå 1200-talet er omsetjingar, mange av gammalfransk høvisk litteratur. Eit av desse verka er Strengleikar, ei samling av 21 høviske noveller, truleg omsett på midten av 1200-talet. Med eitt unntak er forteljingane overleverte i eit enkelt handskrift datert til om lag 1270. Dei gammalfranske førelegga til dei fleste av desse novellene er kjende frå eitt eller fleire handskrifter av om lag same alder. Denne avhandlinga set fokus på kva som skjer i møtet mellom ein gammalnorsk omsetjar og gammalfransk høvisk litteratur. Gjennom ei komparativ nærlesing av dei gammalfranske og gammalnorske novellene vert det sett på korleis tekstar i mellomalderen vart overførte både mellom to språk og innanfor det same språket, slik at både dei synkrone og dei diakrone aspekta ved tekstproduksjon vert granska. Sentrale emne som vert diskuterte er kor mykje ein kan avdekkje av tekstutviklinga på grunnlag av dei kjeldene som er overleverte, og i kva grad ulike tekstredaktørar avslører seg gjennom ordval og stil.

Granskingane av tekstvandringa frå gammalfransk til gammalnorsk viser at det i stor grad er mogleg å plassera endringar, avvik og utskifting av tekst på ulike steg i framvoksteren av dei gammalnorske forteljingane. Jamføringane opnar for at det i norrønt har utvikla seg det ein må kalle eit eige høvisk repertoar, utan at dette har vore ein freistnad på å imitera stilen i dei gammalfranske førelegga. Statistiske jamføringar av dei språklege trekka som har vore rekna for særeigne for den høviske stilen mellom Strengleikar og eit større digitalt korpus av gammalnorske mellomaldertekstar (www.menota.org), tyder på at dei tradisjonelle førestillingane om den norrøne høviske stilen må justerast. Det mest framtredande retoriske grepet i Strengleikar er allitterasjonar. Den store variasjonen i bruken av og i type av allitterasjonar i dei gammalnorske forteljingane fører til ei todeling av materialet, der mykje tyder på at forteljingane i kvar gruppe kan ha vore omsette frå ulike førelegg. Dette opnar for at omsetjingane ikkje treng å ha vore utførte i Noreg, slik den tradisjonelle oppfatninga har vore. Tekstane kan like gjerne ha vore omsette ved ein lærestad eller eit kloster i det anglo-normanniske England.

Avhandlinga omfattar dessutan ei samanstilt tekstutgåve av dei gammalfranske og gammalnorske tekstane.

Personalia:
Ingvil Brügger Budal er fødd i 1975 og vaks opp på Austrheim. Ho har utdanninga si frå Lyon, Trondheim og Bergen. Sidan 2003 har ho vore tilsett ved Universitetet i Bergen, først som universitetslektor, deretter som doktorgradsstipendiat ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium frå 2004. Ho er no tilsett som førstelektor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
12.06.2009, kl. 09:30, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.

Kontaktpersonar:
Ingvil Brügger Budal tlf. 97683698, epost: ingvil.budal@lle.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side