Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Teyyam-ritualet i dagens Malabar i Sør India

Vadakkiniyil Dinesan   
Vadakkiniyil Dinesan disputerer fredag 25. september for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Teyyam: The Poiesis of Rite and God in Malabar, South India”

Denne studien utforskar myter og praksisar av eit hinduritual kalla teyyam i nord Malabar, Kerala, Sør India. Avhandlinga sitt overordna argument er at teyyam er eit ritual som er i stand til å oppretthalde relevans i ei raskt endrande og sosialt differensierande verd på grunn av ritet sin interne dynamikk. Teyyam kan skildrast som eit ’domene av potensiale for utvikling’ der menneske gjennom å delta i ritet opparbeidar seg kreativ og innovativ handlekraft som kan nyttast i kvardagslivet. Krafta i teyyam-ritualet er synleg i dynamikkane i detaljane og ikkje berre i dei ofte spektakulære rituelle hendingane av teyyam som har hatt ein tendens til å tiltrekke seg merksemd frå forskarar og frå offentlegheita. Gjennom ein diskusjon av detaljrikdomen i teyyam kan ein oppnå ei betre og djupare forståing av kreftene i teyyam-riter som også inkluderar deira dramatiske og spektakulære moment. Men, ei anna målsetjing er også å forsøke å forstå korleis teyyam er konstruert av dei menneska som er knytt til utføringa av ritet.

Hovudfokuset i analysen er på perumkaliyattam som er ei fire dagar lang religiøs feiring i eit tempel. Kandidaten diskuterar også eit nytt og meir popularisert uttrykk av teyyam kalla Muttappan og korleis teyyam beveger seg inn i nye rom slik som til dømes internett. Hovudargumentet her er at perumkaliyattam og andre teyyam må undersøkjast som ritual på eigne premiss, og analysen beveger seg bort i frå forståinga av ritual som symbolsk representasjon mot forståing av ritual som ein generativ praksis der rom for sosial handlekraft og forestillingsevne vert skapt. Perumkaliyattam og andre teyyam-ritual vert soleis også undersøkt for å utforske prosessar som relaterar seg til sosiale og politiske dynamikkar i Malabar.

Personalia:
Vadakkiniyil Dinesan vart fødd i India i 1969. Han har master i historie fra University of Calicut, India og M.Phil (eitt års spesialisering) i ‘Interdisciplinary Social Science (Historie)’ fra Mahatma Gandhi University, Kerala. Medan han tok master (M.Phil) i ‘Anthropology of Development’ ved Institutt for sosialantropologi, UiB, byrja han på doktorgraden som denne avhandlinga er resultatet av. Dinesan er for tida tilsett som akademisk koordinator ved Kerala Council for Historical Research, Thiruvananthapuram, Kerala.

Tid og stad for prøveforelesinga:
24.09.2009, kl. 15:15. Oppgitt emne: “From Traditional Authority and Colonial Domination to New Social Dynamics: Has the Cosmic and Social Space of Teyyam changed through time?”
Stad: Auditoriet, Bergen sjøfartsmuseum, Haakon Sheteligs plass 15.

Tid og stad for disputasen:
25.09.2009, kl. 10:15, Auditoriet, Bergen sjøfartsmuseum, Haakon Sheteligs plass 15.

Kontaktpersonar:
Vadakkiniyil Dinesan, epost: Dinesan.Vadakkiniyil@sosantr.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side