Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Helserelatert livskvalitet blant sjukeheimsbebuarar

Jorunn Drageset   
Jorunn Drageset disputerer 20. mai for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Helserelatert livskvalitet blant sjukeheimsbebuarar”.

Hensikta med Drageset si studie har vært å få kunnskap om helserelatert livskvalitet blant sjukeheimsbebuarar, og om det er skilnad i helserelatert livskvalitet mellom sjukeheimsbebuarar og befolkninga elles i Noreg. Ho har også undersøkt om kjenslemessige tilhøve som meistring (definert som oppleving av samanheng) og sosial støtte er knytt til helserelatert livskvalitet. 227 sjukeheimsbebuarar frå Bergen kommune utan demensdiagnose vart intervjua, og svara vart samanlikna med eit utval jamaldringar frå befolkninga elles.

Resultata viste at sjukeheimsbebuarane hadde svært avgrensa fysisk funksjon og mindre avgrensa sosial funksjon. Sjukeheimsbebuarane hadde markert lågare helserelatert livskvalitet enn befolkninga elles, med unntak av kroppslege smerter og avgrensingar forårsaka av fysisk og psykisk helse. Oppleving av meistring hadde betyding for helserelatert livskvalitet. Å ha personar som står ein nær, er av betyding for sjukeheimsbebuarane si mentale helse, og kjensla av at ein sjølv framleis har betyding for andre er viktig for å fungere godt sosialt. Resultata viser også at det å bli respektert og anerkjent har betydning for tiltakslyst og energi. Oppleving av meistring endra ikkje samanhengen mellom sosial støtte og helserelatert livskvalitet.

Oppleving av meistring og sosial støtte synest dermed å være ein viktig ressurs for betre helserelatert livskvalitet blant sjukeheimsbebuarar utan kognitiv svikt.

Personalia:
Jorunn Drageset er fødd og oppvaksen i Innvik i Nordfjord. Ho utdanna seg til sjukepleiar i 1980 og fekk graden Cand. San ved UiB i 2000. Ho har også utdanning i helse- og sosialadministrasjon og sjukepleie for eldre og kronisk sjuke. Ho var høgskulelærar ved Diakonissehjemmets sykepleierhøyskole i 1998-2000. Frå 2000 er ho tilsett som høgskulelektor ved Institutt for sjukepleie, Høgskolen i Bergen. Ho har vore stipendiat og forskar ved Høgskolen i Bergen og PhD-student ved UiB. Ho har også motteke midlar frå Norsk Sykepleierforbund.

Tid og stad for prøveforelesinga:
19.05.2009, kl. 14:15. Oppgitt emne: "Hva vet vi om norske sykehjem, beboernes helseproblemer og deres livskvalitet?"
Stad: Store auditorium, Sentralblokken, Haukeland Universitetssykehus

Tid og stad for disputasen:
20.05.2009, kl. 10:15, Store auditorium, Sentralblokken, Haukeland Universitetssykehus

Kontaktpersonar:
Jorunn Drageset, tlf. 55 58 55 89, epost: jorunn.drageset@hib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side