Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Intime møte med den materielle verda i det sørlege Afrika

Per Ditlef Fredriksen   
Per Ditlef Fredriksen disputerer fredag 18. desember 2009 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Transformations in Clay: Material Knowledges, Thermodynamic Spaces and the Moloko Sequence of the Late Iron Age (AD 1300-1840) in Southern Africa”

Avhandlinga tek for seg to hovudtema. For det første handlar ho om møte mellom ulike kunnskapar om den materielle verda. For det andre om dei intime relasjonane mellom menneske og deira materielle omgjevnadar som vi finn når vi studerer sosial praksis i hushald. Tilnærminga består av tre komparative feltstudie av kvinners forhold til leire, keramikk og hushaldsrom i notidige kontekstar blant Bantutalande i Mosambik, Botswana og Sør-Afrika. I tillegg består avhandlinga av ei syntese av den arkeologiske sekvensen kjent som Moloko, tilhøyrande tidsrommet mellom om lag 1300 og 1840 e.Kr.

Dermed set studiet fokus på produksjon og bruk av leirkar, samt deira forhold til hushaldet sine andre materielle, sosiale og kosmologiske aspekt i det sørlege Afrika i sein førhistorisk og historisk tid. Medan tilnærminga hovudsakeleg er arkeologisk må ho i høgste grad reknast som tverrvitskapleg. Avhandlinga trekkjer veksel på eit vidt spekter av innsikt frå disiplinar som antropologi, historie, sosiologi og filosofi.

Personalia:
Per Ditlef Fredriksen er fødd i 1975 i Haugesund og oppvaksen i Kvinnherad. Han avla Cand. Philol. eksamen ved Arkeologisk institutt, Universitetet i Bergen i 2002. Fredriksen har sidan arbeidd med arkeologiske og antropologiske prosjekt i Noreg, Mosambik, Botswana og Sør-Afrika. Han vikarierte som universitetslektor ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) ved Universitetet i Oslo i første halvdelen av 2008. I perioden 2005-2009 var han NFR-stipendiat ved AHKR og Uni Global, med professor Randi Håland som rettleiar. Han arbeider no som universitetslektor ved IAKH, Universitetet i Oslo.

Tid og stad for prøveforelesinga:
17.12.2009, kl. 13:15. Oppgitt emne: "A summary of the archaeology and archaeological interpretation of the later Iron Age in southern Africa"
Stad: Sydneshaugen Skole, Auditorium B

Tid og stad for disputasen:
18.12.2009, kl. 09:30, Sydneshaugen Skole, Auditorium B

Kontaktpersonar:
Per Ditlef Fredriksen, tlf: 91 12 67 49, epost: per.fredriksen@global.uib.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a),
epost: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side