Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Produktiv samhandling i IKT støtta læringsmiljø

Ingrid Helleve   
Ingrid Helleve disputerer tysdag 30. juni for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Productive interactions in ICT supported communities of learners”

Den sterke satsinga på bruk av digitale verktøy i undervisninga dei siste åra har gitt norske lærarar store og nye utfordringar. Avhandlinga syner at datastøtta undervisning opnar for læring utover det som tidlegare er kjent frå tradisjonelle fysiske møte. Elevar og studentar kan strekke seg lenger og samarbeide på andre måtar om å bygge felles kunnskap.

Helleve fokuserer på det gjensidige forholdet mellom innhald/fag, pedagogikk/didaktikk og teknologi. Dette forholdet er først beskrive og deretter analysert på bakgrunn av felles tekstar produserte ved hjelp av IKT. Studien syner at læraren spelar ei avgjerande rolle for at arbeidet skal føra til produktiv samhandling Grunnleggjande føresetnader er planlegging og tilrettelegging for aktivitetar og oppgåver som stimulerer til argumentasjon og kreativitet. Ein annan viktig førestnad er eit læringsmiljø basert på tillit. Funna har relevans for lærarar, lærarutdannarar, forskarar og politikarar.

Avhandlinga byggjer på 3 studiar; ein frå grunnskulen og to frå grupper av lærarstudentar. Studiane nyttar aksjonsforsking som metodologisk tilnærming med m.a. deltakande observasjon, intervju og vurdering av tekstmaterial som metodar.

Helleve deltek i forskingsgruppa ”Digital Learning Communities” (DLC) ved Seksjon for lærarutdanning ved Det psykologiske fakultet.

Personalia:
Ingrid Helleve er født i 1951 og er busett på Voss. Ho har arbeidd som lærar i grunnskulen frå 1971-1990, og som rektor på Voss og i Ulvik frå 1990- 2001. Helleve er cand.polit. frå Universitetet i Bergen i 2001. Ho er tilsett som universitetslektor i pedagogikk Psykologisk fakultet, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
29.06.2009, kl. 16:15. Oppgitt emne: “Productive interactions and CSCL in 21st century education - a support for learning?"
Stad: Aditorium 130, Christiesgt. 12

Tid og stad for disputasen:
30.06.2009, kl. 10:15, Auditorium 130, Christiesgt. 12

Kontaktpersonar:
Ingrid Helleve, epost: Ingrid.Helleve@iuh.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for psykologi, utdanning og helse. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side