Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2009

NY DOKTORGRAD

Lokale mål på samanhengar

Karl Ove Hufthammer   
Karl Ove Hufthammer disputerar fredag 20. mars 2009 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Local Gaussian Correlation"

«Alt heng saman med alt», seier ein gjerne, men nokre ting heng nærare saman enn andre. For eksempel er det ein sterk samanheng mellom høgd og
vekt hos vaksne, eller mellom brutto nasjonalprodukt og forventa levealder i ulike land, mens det er rimelig å anta at ein eventuell samanheng mellom høgd hos vaksne og deira forventa levealder vil vera veldig svak. For å talfesta slike samanhenger har statistikarar utvikla fleire målemetodar, der den meste kjende og brukte er korrelasjonen.

Dessverre gjev mange av målemetodane berre eit tal på total samanheng, og tar ikkje omsyn til at samanhengen kan variera. For eksempel er det ein samanheng mellom alder og høgd til menneske, men samanhengen er berre sterk når alderen er låg (barn i vekst), og for høg alder (vaksne) er han omtrent ikkje-eksisterande. Her kunne me ønskja oss eit mål på samanheng som tok omsyn til dette.

Det er òg verdt å merka seg at for barn i vekst er samanhengen mellom alder og høgd positiv, det vil seia at yngre barn hovudsaklig er låge, mens eldre barn er høge. I andre tilfelle kan me ha negativ samanheng, for eksempel mellom bruttonasjonalprodukt og spedbarnsdødeligheit (land med høgt brutto nasjonalprodukt har lågare spedbarnsdødeligheit). Me kan òg ha samanhengar som varierer mellom positiv og negativ, og mellom svak og sterk, og dei vanlige målemetodane klarar ikkje å fanga opp dette.

I PhD-avhandlinga er det utvikla ein ny metode for å måla lokal samanheng mellom statistiske størrelsar. Denne metoden tar omsyn til at samanhengen kan variera i både styrke og retning, og vert illustrert med
både simulerte og reelle data. Eit viktig bruksområde er finans, der den nye metoden mellom anna vert brukt til å sjå på asymmetri i samanhengen mellom ulike finansindeksar.

Personalia:
Karl Ove Hufthammer er fødd i 1981 og oppvaksen på Sotra. Han avslutta
mastergraden i matematisk statistikk ved Universitetet i Bergen i 2005.

Tid og stad for disputasen:
20.03.2009, kl. 13:00, Auditorium π, Godskes hus, 3. etasje.

Kontaktpersonar:
Karl Ove Hufthammer , epost: Karl.Hufthammer@math.uib.no
Mediekontakt Therese Marianne Istad, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: therese.istad@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.