Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Simulering av væskestraum nær oljebrønnar

Sissel Slettemark Mundal   
Sissel Slettemark Mundal disputerar fredag 4. desember 2009 for PhD-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Conservative Numerical Methods for Elliptic Problems with Applications to Simulation of Nearwell Flow”

Ved utvinning av olje og gass frå eit petroleumsreservoar er det viktig å kunna forstå strøymingsmønsteret i det porøse mediet for optimal utvinning frå allereie eksisterande olje-og gassfelt, samt for funn av nye førekomstar. Matematisk sett vert væskestraumen i eit reservoar modellert ved eit system av partielle differensiallikningar. Slike system kan kun løysast ved hjelp av datasimuleringar, og reservoarsimulatorar har vorte utvikla av petroleumsindustrien i ei årrekke. I utvklinga av ein ny generasjon av slike simulatorar, er det ynskjeleg å forbetra modelleringa av områda nær produksjonsbrønnar. I nærbrønnsområda er det særleg viktig å fanga opp strøymingseigenskapane i berggrunnen for å oppnå nøyaktige resultat av simuleringane, og dermed eit påliteleg anslag av framtidig produksjon.

Grunna stor skilnad mellom brønntrykket og trykket i det omliggjande reservoaret, er
nærbrønnsområda dominert av høg strøymingshastigheit. Dette krev ein modell som tillèt fin oppløysning i nærbrønnsområdet, samt ein robust numerisk teknikk for å løysa dei respektive strøymingslikningane. Tradisjonelt er eksisterande reservoarsimulatorar basert på å gje ei god oppløysning i eit horisontalt område nær brønnen som fylgjer lagdelinga av bergartar som kjenneteiknar petroleumsreservoar. Dette er veleigna for å modellera brønnar som er bora vertikalt. Då lønnsamheita ved skråstilte eller horisontale brønnar er vesentleg betre, vil derimot dei fleste brønnar som vert bora i Norsjøen i dag ikkje vera vertikale.

I denne avhandlinga er det gjort ein studie for å få auka forståing for modellering av
horisontale brønnar ved ulike reservoareigenskapar. Arbeidet fokuserer på å i større grad ta omsyn til ulike bergartseigenskapar som oppstår i eit vertikalt plan rundt brønnen grunna den fysiske lagdelinga av bergartane i reservoaret. I studiet er det lagt vekt på å samanlikna ulike modellar med tilstrekkeleg oppløysning, og tilhøyrande numeriske teknikkar. Slik kan ein avgjera kva nærbrønnsmodellar som er å føretrekka under gjevne forhold. Avhandlinga gjev ei anbefaling om valg av numerisk metode i nærbrønnsområdet.

Personalia:
Sissel Slettemark Mundal er fødd i 1979, og kjem frå Voss. Ho har ei mastergrad i anvendt matematikk ved Universitetet i Bergen (UiB) frå 2005. I perioden 2006-2009 har ho jobba med doktorgrada ved Senter for integrert petroleumsforskning (CIPR) og Matematisk institutt ved UiB. I samband med doktorgradsarbeidet har ho hatt eit opphald ved Institute français du pétrole (IFP) i Paris, Frankrike.

Tid og stad for disputasen:
04.12.2009, kl. 10:00, Auditorium Pi, Johannes Brunsgt. 12

Kontaktpersonar:
Sissel Slettemark Mundal, epost: sissel.mundal@cipr.uib.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a),
epost: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side