Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Livskvalitet hjå kvinner med gjennomgått hjerteinfarkt

Tone M. Norekvål   
Tone M. Norekvål disputerer fredag 16. oktober for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Patient-reported outcomes in women after myocardial infarction - a longitudinal study of quality of life, sense of coherence and perceived positive effects.”

Koronar hjertesjukdom er framleis den vanlegaste dødsårsaka blant både kvinner (22%) og menn (21%). Imidlertid har andelen som overlever auka betydeleg grunna både betre behandlingsmetodar og forebygging. Det er derfor mange som i dag skal leve med sin hjertesjukdom. Hovedmålet med studien var å kartlegge korleis kvinner opplever sin livskvalitet og mestrar kvardagen etter infarktet, samt å sjå på om eigenrapportert helse og livskvalitet kan predikere nye sjukdomshendingar og død.

Få studiar er gjort på kvinners opplevingar etter hjerteinfarkt. I denne studien deltok 145 kvinner som svarte på spørreskjema om livskvalitet, fysiske og psykiske helseplager, mestringskapasitet og mogelege positive konsekvensar av gjennomgått hjerteinfarkt. Svara blei samanlikna med kvinner på samme alder frå normalbefolkninga. Kvinnene blei så fulgt opp i 10 år.

Resultata viste at kvinner med hjerteinfarkt har lågare fysisk funksjon, men opplever å ha like god livskvalitet relatert til psykiske og sosiale aspekt. Dei rapporterer engstelse og nedstemtheit, men ikkje i større grad enn andre kvinner på samme alder. Grad av mestringskapasitet, subjektive symptom og objektive sjukdomsmål bidreg til å forklare grad av eigenrapportert livskvalitet. Eit overraskande funn var at 65 % av kvinnene også såg noko positivt ved å ha gjennomgått hjerteinfarkt. Dette innebar at dei sette meir pris på livet, fekk helsehjelp, endra livsstil og tok meir vare på seg sjølv og andre. Saman med allerede kjende risikofaktorar, som redusert nyre- og hjertefunksjon, var eigenvurdert helse og psykiske sider ved livskvaliteten med på å predikere fatale hendingar. Å bu åleine var ein faktor som tydeleg auka risikoen for både tidlegare død og nye sjukdomshendingar.

Avhandlinga kan bidra til at pasientperspektivet i større grad blir innlemma i både klinisk praksis og i framtidig forskning, samt legge grunnlag for utprøving av rehabiliteringsopplegg for kvinner.

Doktorarbeidet består av 4 artiklar publisert i internasjonale tidsskrift, er utført ved Hjerteavdelingen, Haukeland Universitetssjukehus og utgår frå Institutt for samfunnsmedisinske fag, UIB. Hovedvegleiar har vore professor Berit Rokne, med professor Bengt Fridlund og professor Jan Erik Nordrehaug som bivegleiarar.

Personalia:
Tone M. Norekvål (f. 1968) er fødd og oppvaksen på Voss. Ho blei utdanna sjukepleiar i 1992, og cand. san. ved Det medisinske fakultet (UIB) i 1998. Ho har allsidig klinisk bakgrunn og har sidan avlagt hovedfagsgrad arbeidd ved Hjerteavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus. I 2003 bidrog ho til oppretting av ei nasjonal Vidareutdanning i kardiologisk sjukepleie ved Høgskolen i Bergen, og har sidan hatt bistilling som fagansvarleg for utdanninga. Norekvål har innehatt fleire nasjonale og internasjonale verv. Ho har i 2005-2009 vore stipendiat finansiert av Helse Vest.

Tid og stad for prøveforelesinga:
15.10.2009, kl. 14:15. Oppgitt emne: "Evaluating QOL in cardiovascular/cerebral research studies".
Stad: Auditorium 2, Bygg for biologiske basalfag, Haukeland Universitetssjukehus.

Tid og stad for disputasen:
16.10.2009, kl. 09:15, Store Auditorium, Sentralblokka, Haukeland Universitetssjukehus.

Kontaktpersonar:
Tone M. Norekvål, tlf. 55973649, epost: tone.norekval@helse-bergen.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side