Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Tvang mot utviklingshemma og demente

Bjørn Henning Østenstad   
Bjørn Henning Østenstad disputerer laurdag 21. november for ph.d.-graden ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen. Avhandlinga har tittelen:”Heimelsspørsmål i behandling og omsorg overfor psykisk utviklingshemma og aldersdemente. Med undertittel:
”Rettslege og etiske problemstillingar ved bruk av tvang og inngrep utan gyldig samtykke.”

Psykisk utviklingshemming og aldersdemens er svært ulike tilstandar. Eit fellestrekk er likevel svekt forstandsmessig fungering som kan gjere det vanskeleg for dei det gjeld å forstå konsekvensane av eigne val og handlingar. Dette reiser i sin tur spørsmål om heimel for å yte nødvendig hjelp i form av medisinsk behandling eller pleie og omsorg, under tvang. Problemstillingar oppstår også der personen unnlet å protestere, men heller ikkje evnar å gje eit gyldig samtykke.

Spørsmål om bruk av tvang overfor dei nemnde gruppene har vist seg til dels svært kontroversielt. Eit trekk ved den rettslege diskusjonen (og domspraksis), både nasjonalt og internasjonalt, har vore stor grad av utryggleik knytt til korleis problemstillingane bør handterast. Grovt sagt er spørsmålet om størst vekt skal leggjast på omsynet til den hjelpetrengande sin sjølvbestemmingsrett, eller på omsynet til å verne mot skade (paternalistisk velferdstenking).

Avhandlinga drøftar kva som kan vere det verdimessige grunnlaget for særlege inngrepsheimlar overfor utviklingshemma og demente. Østenstad tek i den samanheng til orde for bruk av menneskeverdomgrepet som eit referansepunkt for avveginga av konflikten mellom sjølvbestemmingsrett og paternalisme.

I Noreg er den rettslege reguleringa av dei spørsmål avhandlinga reiser til dels svært kompleks og fragmentert. Sentrale lovgrunnlag for inngrep er mellom anna sosialtenestelova kapittel 4A og det nyleg iverksette kapittel 4A i pasientrettslova. Avhandlinga tek sikte på å klarleggje ulike tolkingsspørsmål, men også kor godt reglane er tilpassa kvarandre. Praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen blir analysert og drøfta opp mot norsk lovgjeving. Eit hovudpoeng for forfattaren er at norsk rett på einskilde punkt neppe er tilstrekkeleg tilpassa dei menneskerettslege krav, mellom anna når det gjeld innlegging og tilbakehald av ikkje-protesterande aldersdemente i somatiske sjukeheimar.

Personalia:
Bjørn Henning Østenstad er cand. jur. og universitetslektor ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen. Han er oppvaksen på Sandane i Nordfjord.

Tid og stad for prøveforelesinga:
20.11.2009, kl. 15:15. Oppgitt emne: Rettslege utfordringar ved ein eventuell norsk ratifikasjon av FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne
Stad: Auditorium 4, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1. Prøveførelesinga er open for ålmenta.

Tid og stad for disputasen:
21.11.2009, kl. 10:15, Auditorium 2, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1. Disputasen er open for ålmenta.

Kontaktpersonar:
Bjørn Henning Østenstad, tlf. 55 58 95 81, epost: Bjorn.Ostenstad@jur.uib.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a),
epost: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for juridiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side