Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2009

NY DOKTORGRAD

Kambodsja ein suksess innan HIV-førebygging

Heng Sopheab   
Sopheab Heng disputerar fredag 20. mars 2009 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Epidemiological contexts of the HIV epidemic in Cambodia: changes over time and links to preventive interventions”

Globalt er det store kontrastar i omfang og spreiingsmønster av HIV-viruset, kontrastar som ofte kan relaterast til spesifikke kulturelle og sosiale forhold. Dette gjer at kunnskap om den lokale konteksten er avgjerande viktig for utvikling av effektive førebyggande tiltak. Denne avhandlinga utforskar HIV-epidemien i Kambodsja med omsyn til spreiingsmønster og risikoåtferd, og endringar over tid med mogleg link til tiltak for HIV-førebygging. Data frå fleire større befolkningsstudiar utgjer det analytiske grunnlaget.

Kambodsja er eit av tre land i Asia som har rapportert om betydeleg HIV-spreiing i den generelle befolkninga. I den tidlege fasen av epidemien var den primære smittevegen knytt til kjøp/sal av sex, og på epidemien sitt aller høgste nivå (estimert til år 2000) var 4% av menn og kvinner i alderen 15-49 år smitta. Eit intensivt førebyggande program, den såkalla ”100% kondomstrategien”, retta mot prostituerte og deira klientar gis i dag som hovudforklaring på Kambodsja sin førebyggande suksess: rask kontroll over epidemien i form av nedgang i nysmitte av HIV og andre kjønnssjukdomar, som følgje av oppnådde nær 100% kondomdekning hos men som kjøper sex.

Eit sentralt funn i denne avhandlinga er at smittemønsteret har endra seg raskt etter hundreårsskiftet. Den primære smittevegen endra seg - frå å vera knytt til kjøp og sal av sex - til å skje innan ekteskapet – frå menn som har fått sin HIV frå prostituerte og som etter kvart smitter eigen ektemake eller anna seksualpartnar. Ein sideeffekt av ”100% kondomstrategien” er at langt færre menn kjøper sex i dag samanlikna med 10 år attende i tid. Dette er funn frå den første nasjonalt representative HIV-undersøkinga i Kambodsja, som viser at epidemien er langt mindre alvorleg enn tidlegare estimert – at smittenivået er såpass lågt som 0,6% (blant men og kvinner i alderen 15-49 år).

Sopheab Heng har vore stipendiat ved Senter for internasjonal helse, UiB, med professor Knut Fylkesnes som rettleiar.

Personalia:
Sopheab Heng blei fødd i Phnom Penh, Kambodsja i 1968. Han gjorde ferdig si legeutdanning i 1994 ved Det medisinske fakultetet, University of Health Science i Phnom Penh. I 2001 avslutta han ein 2-årig masterutdanning i Public Health innan internasjonal helse ved Universitetet i Washington, School of Public Health and Community Medicine, Seattle, USA. Han er no tilsett ved Center for HIV/AIDS, Dermatology and STDs i Kambodsja.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
19.03.2009, kl. 15:15. Oppgitt emne: “The HIV epidedmics in South-East Asia and a review of performed and ongoing interventions in the area”
Sted: Auditorium 4, BBB-bygget, Jonas Lies vei 91

Tidspunkt og sted for disputasen:
20.03.2009, kl. 09:15, Auditorium 4, BBB-bygget, Jonas Lies vei 91

Kontaktpersoner:
Sopheab Heng, epost: heng.sopheab@student.uib.no
Mediekontakt Therese Marianne Istad, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: therese.istad@form.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.