Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Effekten av løysemiddel på magnetiske eigenskapar

Brita Vangdal   
Brita Vangdal disputerer torsdag 25. juni for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Solvate Effects on Spin Crossover Behaviour - Macroscopic and Microscopic Properties of Alcohol Solvates of Iron(II) Tris(2-picolylamine) Dichloride."

Nokre metallkompleks kan skifta mellom to tilstandar. Ved låge temperaturar vil elektrona fylla opp låg-energinivå, medan ved høgare temperaturar vil elektrona få nok energi til å hoppa opp i høgare energinivå. Dette fenomenet vert kalla ein spinnovergang og vil endra dei magnetiske eigenskapane for metallkomplekset. Dei to tilstandane er óg karakterisert av fysikalske endringar i krystallfarge og volum.

Ideelt ynskjer ein å lage krystallar med spinnovergang ved romtemperatur. Slike materiale kan ha stor nytteverdi i for eksempel lagringsmedium, optiske brytarar, sensorar og dataskjermar.

Temperaturane der spinnovergangane skjer, er avhengig av samansetjinga av krystallane. Tidlegare studiar har i hovudsak fokusert på korleis metallkompleksa er sett saman. I dette arbeidet vert det derimot vist at molekyl av løysemiddel som ikkje er direkte bundne til metallkompleksa, kan ha like stor innverknad på spinnovergangseigenskapane.

Materiale der ulike alkoholar er nytta som løysemiddel, har vorte analysert. Arbeidet viser at ved å endra alkoholmolekyl i krystallane vil ein få store skift i overgangstemperaturane i tillegg til at ein kan undertrykkja heile fenomenet. Konklusjonen er at effekten alkoholane har på spinnovergangseigenskapane er vanskeleg å predikera. Tillaging av slike materiale vil difor vera svært utfordrande.

Personalia:
Brita Vangdal er fødd i 1977 og oppvaksen i Norheimsund. Ho er utdanna cand. scient i uorganisk kjemi ved Universitet i Bergen i 2001. Ho vart tilsett som universitetsstipendiat ved Kjemisk institutt (UiB) i 2003. Sidan 2007 har ho vore tilsett i StatoilHydro ASA og arbeider i dag ved selskapet sitt forskningssenter i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
25.06.2009, kl. 10:30, Auditiorium 5, Realfagbygget, Allégt. 41.

Kontaktpersonar:
Brita Vangdal, tlf: 936 42 970, epost: brita.vangdal@kj.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side