Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2010

NY DOKTORGRAD

Genendringar og resistens mot cellegift i brystkreft

Elisabet Ognedal Berge   

Elisabet Ognedal Berge disputerer fredag 19. november for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Chemotherapy Resistance in Breast Cancer: The potential role of Chk2 splice variants and RB1 alterations”.

Brystkreft er den hyppigaste kreftforma blant kvinner med over 2700 nye tilfelle i Noreg per år. I over femti år er brystkreft blitt behandla med blant anna cellegift, men behandlingseffekten er avgrensa. Ved spreiing til andre organ er utvikling av resistens mot terapi uunngåeleg, men årsaka til dette er ukjend. Per i dag er det ingen prediktive faktorar som kan nyttast til å selektere dei av brystkreftpasientane som vil ha nytte av ulike typar cellegiftbehandling, og ein del pasientar vert difor overbehandla.

Under doktorgradsarbeidet har Elisabet Ognedal Berge kartlagt ulike genendringar som moglege årsaker til resistens mot cellegiftbehandling i brystkreft. Genet Chk2 beskytter mot kreft og spelar ei sentral rolle for effekten av cellegifta.

Elisabet Ognedal Berge har vist at fleire forkorta proteinvariantar av Chk2 observert i brystkreftsvulstar har ein negativ innverknad på funksjonen til den normale proteinvarianten, og kan dermed potensielt hemme effekten av cellegifta. Vidare har ho vist at endringar i genet RB1 også kan vere ei medverkande årsak til behandlingssvikt blant brystkreftpasientar, men at tilsvarande feil truleg har liten innverknad på spreiing av kreftceller frå bryst til andre organ.

Personalia:
Elisabet Ognedal Berge (fødd 1974) er utdanna bioingeniør ved Høgskolen i Bergen frå 1997. og cand. scient i molekylærbiologi ved Universitet i Bergen/University of Manchester frå 2002. Ho arbeidde eitt år som forskingsteknikar i brystkreftgruppa før ho vart tilsett som doktorgradsstipendiat ved Molekylærbiologisk Institutt, Universitetet i Bergen under rettleiing av professor Per Eystein Lønning og professor Johan Lillehaug.

Tid og stad for prøveforelesinga:
19.10.2010, kl. 10:15. Oppgitt emne: "Epigenetics – the role of DNA methylation"
Stad: Rom 530B1, Høyteknologisenteret, Thormøhlensgate 55

Tid og stad for disputasen:
19.11.2010, kl. 09:15, Auditoriet, VilVitesenteret, Thormøhlensgt. 51

Kontaktpersonar:
Elisabet Ognedal Berge, epost: elisabet.ognedal@med.uib.no
Mediekontakt Gudrun Sylte, tlf. 55 58 91 70(a),
epost: gudrun.sylte@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.