Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

MR og kognisjon ved nydiagnostisert Parkinsons sjukdom

Turi Olene Dalaker   

Turi Olene Dalaker disputerer 12. november for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga :

”Structural brain MRI and cognition in newly diagnosed Parkinson’s disease.”

Parkinsons sjukdom er ein kronisk hjernesjukdom med auka risiko for å utvikla demens. Demens har ei rekkje negative konsekvensar både for pasientar og pårørande, men inneber også viktige samfunnsøkonomiske utfordringar. Mild kognitiv svikt er nedsett evne til å tenkja, hugsa, oppfatta og læra som ikkje er uttalt nok til å gå ut over daglegdagse aktivitetar. Slik svikt kan indikera ein auka risiko for å utvikla demens. Ved å kartleggja særtrekk ved eit mogleg forstadium til demens i Parkinsons sjukdom, ynskjer ein å oppnå kunnskap som kan vera med på å forhindra ei svært negativ side av sjukdomen.

Målet med avhandlinga har vore å undersøkja om det ved MR er mogleg å avdekkja endringar i hjernen som kan forklara mild kognitiv svikt i tidleg fase av Parkinsons sjukdom. Materialet i arbeidet er henta frå ParkVest, ein stor og unik studie som skal følgja pasientar med nydiagnostisert Parkinsons sjukdom i Sør – og Vest - Noreg over ein periode på 10 år.

MR bilete av eldre kontrollpersonar og pasientar er analyserte i samarbeid med Buffalo Neuroimaging Analysis Center, Buffalo, NY, USA. Avanserte databaserte analysar kan tyda på at endringar i hjernen sine blodårer spelar ei lita rolle i tidleg kognitiv svekking hjå pasientane. Volumanalysar viser ikkje uttalt tap av hjernevev som årsak til redusert kognitiv yteevne. Av særskild vitskapleg interesse er funna av auka ventrikkelsystem, dei væskefylde holromma i hjernen, hjå dei med mild kognitiv svikt samanlikna med kontrollpersonane, noko som likevel kan tyda på ei viss grad av nervecelledød i hjernestamme, midthjerne og temporallappar. Framtidig forsking bør derfor leita vidare i desse delane av hjernen for å prøva å avdekkja sjukdomsmekanismane bak kognitiv svikt i Parkinsons sjukdom.

Personalia:
Turi Olene Dalaker er fødd i 1976, cand.med. frå Universitetet i Bergen 2001, lege i spesialisering ved radiologisk avdeling, Stavanger Universitetssjukehus. Rettleiarar har vore professor dr. med. Jan Petter Larsen, SUS/UiB, dr. Mona Beyer, PhD, SUS og professor dr. med. Dag Årsland, SUS.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
12.11.2010, kl. 09:15. Oppgitt emne: ”Neuroimaging in aging-related cognitive brain disorders - morphometric, PET/SPECT and DTI techniques”
Sted: Aulaen, 2. Etasje, Stavanger Universitetssjukehus

Tidspunkt og sted for disputasen:
12.11.2010, kl. 10:30, Aulaen, 2. Etasje, Stavanger Universitetssjukehus

Kontaktpersoner:
Turi Olene Dalaker, tlf: 05151 Stavanger Universitetssjukehus, epost: datu@sus.no
Mediekontakt Gudrun Sylte, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: gudrun.sylte@uib.no

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side