Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kommunikasjonsvanskar hos barn med psykiatriske problem

Wenche Andersen Helland   

Wenche Andersen Helland disputerer 27. september 2010 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Communication difficulties in children identified with psychiatric problems”

Barn med uidentifiserte kommunikasjonsvanskar er i ei risikosone for å utvikla åtferdsproblem, og det er gjerne åtferdsproblema det vert fokusert på. Utanlandske studiar har vist at barn med psykiatriske vanskar i mange høve har kommunikasjonsvanskar som ein ikkje har vore merksam på. Undersøking av språk og kommunikasjon er ikkje del av standard kartlegging av barn som vert tilviste psykisk helsevern for barn og unge, og det har vore mangel på eigna norske kartleggingsinstrument som er lette å administrera. Som del av Helland sitt forskingsarbeid vart kartleggingsinstrumentet Children’s Communication Checklist Second Edition (CCC-2), utvikla av Bishop for engelskspråklege barn, omsett og tilpassa norsk. Dette instrumentet er veleigna til å kartleggja vanskar med å bruka og forstå språket i ulike sosiale kontekstar, det ein kallar pragmatiske vanskar. I avhandlinga inngår ein utprøvingsstudie som viser at denne versjonen av CCC-2 synest å vera eit påliteleg instrument til å identifisera kommunikasjonsvanskar hos norske barn med.

Helland har undersøkt kommunikasjon hos ulike grupper barn med psykiatriske problem med hovudfokus på barn med AD/HD og barn med Asperger syndrom. Resultata frå dei kliniske gruppene er samanlikna med resultata til typisk utvikla barn. Avhandlinga omfattar data frå i alt 265 norske barn i alderen 6 til 15 år. Hovudfunna frå Helland si forsking viser at kommunikasjonsvanskar førekjem oftare hos barn med psykiatriske problem enn hos typisk utvikla barn. I studien fann ein kommunikasjonsvanskar hos majoriteten av ei gruppe barn med AD/HD, og vanskar med den sosiale bruken av språket forekom i stor grad. Avhandlinga understrekar trongen for systematisk kartlegging av språk og kommunikasjon hos barn som vert tilviste psykisk helsevern for barn og unge.

Personalia:
Wenche Andersen Helland er fødd i 1956 i Fitjar kommune. Ho er utdanna logoped ved Universitetet i Oslo og har hovudfag i helsefag frå Universitetet i Bergen. Helland er tilsett som logoped ved Stord sjukehus og som seniorrådgjevar/logoped ved Statped Vest i Bergen. Frå 2007-2010 har ho vore ph.d.-kandidat ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen og Regionssenter for barn og unges psykiske helse, Uni helse. Forskingsarbeidet er finansiert av Helse Fonna HF.

Tid og stad for prøveforelesinga:
27.09.2010, kl. 09:15. Oppgitt emne: "Betydningen av systematisk kartlegging ved pedagogiske tiltak for barn med språk- og kommunikasjonsvansker. Teoretiske, metodiske og praktisk/kliniske utfordringer i forebygging og intervensjon."
Stad: Auditorium 130, Christies gate 12.

Tid og stad for disputasen:
27.09.2010, kl. 10:30, Auditorium 130, Christies gate 12.

Kontaktpersonar:
Wenche Andersen Helland, tlf. 90133397, epost: whelland@haugnett.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for psykologi, utdanning og helse. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side