Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Brystsmerter, meir enn hjartesjukdom

Dag Arne Lihaug Hoff disputerer fredag 26. februar 2010 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Esophageal pain sensation during bag distension - biomechanical or ischemic in origin?“

Brystsmerter er ein vanleg diagnose, og er ofte ikkje relatert til hjartesjukdom. I befolkninga kan det vere så mykje som 25% som har denne plaga. Dei fleste søkjer av ulike årsaker ikkje hjelp. Det er estimert at hjå mellom 23-80% kan årsaka ligge i spiserøyret (øsofagus), og den vanlegaste årsaka er det ein kallar gastroøsofageal refluksjukdom. Andre att har ei endra smertekjensle i øsofagus; det ein kallar funksjonelle brystsmerter – og dette har ein mellom anna kunne vist ved at det oppstår smerte når ein bles opp ein ballong i øsofagus. Vi har utvikla eit instrument for å studere om ubehag/smerte framkalla av ein slik ballong i øsofagus (”bag distensjon”) har sin årsak i reint mekanisk påverknad av sensoriske reseptorar og/eller om det kunne vere ein påverknad av i øsofagusveggen. Vi fann at pasientane hadde ein lett utvida og stivare øsofagus samanlikna med friske, og at stivleiken kunne skuldast auka muskeltonus i spiserøyret. Dette er eit uttrykk for hyperreaktivitet. Vi fann at det var det mekaniske stresset på øsofagusveggen som var den viktigaste bidragsytaren, medan vi ikkje kunne påvise endringar i sirkulasjonen. Bak distensjon i øsofagus reproduserte dei smertene som var plaga til pasientane, noko som vart sett på som ein nyttig oppleving for pasienten.

Problemet kring smerte frå brystet av denne karakter er stor uro hjå pasienten. Ofte resulterar det i innleggingar i sjukehus og utgreiingar utan at ein finn ei god forklaring. Dette kan føre til redusert arbeidskapasitet, til og med arbeidsuførleik hjå pasienten. Undersøkingar omkring kva som utløyser dette i øsofagus er viktig for å kunne utvikle og gje målretta behandling.

Avhandlinga kjem frå Institutt for indremedisin, Seksjon for gastroenterologi, Universitetet i Bergen (UiB) og Nasjonalt Senter for Gastroenterologisk Ultrasonografi, Haukeland Universitetssykehus. Hovudrettleiar professor Jan Gunnar Hatlebakk, medrettleiarar professorane Svein Ødegaard, Hans Gregersen og Odd Helge Gilja.

Personalia:
Dag Arne Lihaug Hoff (f.1965) er oppvaksen i Ullensvang i Hardanger. Han tok medisinsk embetseksamen, ved Universitetet i Bergen i 1992. Han vart spesialist i indremedisin i 2001 og fordøyelsessjukdommar i 2002. Han har arbeidd på Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, Haukeland Universitetssjukehus og frå 2002 som overlege på medisinsk avdeling, Seksjon for Gastroenterologi, Ålesund sjukehus, Helse-Sunnmøre HF. I tida 2002 til 2008 i 50% permisjon for å vere stipendiat UiB.

Tid og stad for prøveforelesinga:
25.02.2010, kl. 14:15. Oppgitt emne: "Optimal utredning og behandling av pasienter med IBS, med fokus på pasientens beste og på helseøkonomi."
Stad: Aud. 2, Bygg for biologiske basalfag (BBB), Jonas Lies vei 91.

Tid og stad for disputasen:
26.02.2010, kl. 11:15, Aud. 2, Bygg for biologiske basalfag (BBB), Jonas Lies vei 91.

Kontaktpersonar:
Dag Arne Lihaug Hoff, tlf: 70 10 50 00, epost: dag.hoff@helse-bergen.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a),
epost: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side