Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Regulering av petroleumsverksemd i Noreg og Australia

Tina Hunter   
Fredag 17. september 2010 vil Tina Hunter forsvare avhandlinga si for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen. Tittelen på avhandlinga er:

‘Legal regulatory framework for the sustainable extraction of Australian offshore petroleum resources: a critical analysis’.

Avhandlinga tek opp utfordringane ein står overfor i utvinninga av Australia sine offshore-petroleumressursar, og analyserer om utviklinga har vore økonomisk og sosialt bærekraftig. Forfattaren har også analysert reguleringa i andre land for å sjå om ein kan dra lærdom av det.

Avhandlinga fokuserer særleg på korleis Noreg ved hjelp av det rettslege rammeverket har vore i stand til å fremja ei sosioøkonomisk utvikling til beste for heile det norske samfunnet. Ei analyse av den australske petroleumsreguleringa viser at den gjev eit sterkt regelbasert rettsleg rammeverk som skaper unødvendige barrierar, og er årsak til økonomiske og sosiale kostnader.

I motsetnad til dette viser analysen av andre rettslege rammeverk, særleg det norske, at formålsbaserte rettslege rammeverk med brei kompetansegjevande og komplementær regulering reduserer reguleringsmessige kostnader og med det fremjar ei bærekraftig utvikling. Vidare vil formålsorientert lovgjeving gje staten og oljeselskapa insentiv til å utvikla petroleumsressursane i samsvar med statens interesser samstundes som ein kan gje forteneste for oljeselskapa. Som del av denne analysen identifiserer avhandlinga også trongen for ei samla reguleringsmyndigheit og bruk av modellkontraktar som del av det rettslege rammeverket som middel til å fremja ei bærekraftig sosioøkonomisk utvikling av Australia sine petroleumsressursar.

For å få eit grunnlag for å ta stilling til om Australia driv ei bærekraftig utvinning av petroleumsressursane, vert det i avhandlinga gjeve ei analyse av kor langt statleg regulering av utvinningstakt og -metode er naudsynt for ei bærekraftig utvinning. Den norske reguleringa av utvinninga frå petroleumsfelt, og det bindande kravet til utvikling og bruk av teknologi for å sikra optimalisering av utvinninga frå feltet, tyder på at statleg regulering av petroleumsutvinninga, og særleg utvinningsmetoden, gjev høve til å fremja bærekraftig utvinning av petroleum.

Personalia:
Tina Hunter starta arbeidet med doktorgraden i August 2006, medan ho var Assistant Professor ved Bond University, Gold Coast Australia. I Australia har ho undervist i Land Law, Property Law, Legal Skills, Legal Reasoning, Constitutional Law, Australian Legal Systems, Mining and Resources Law, og Energy Law. Tina Hunter underviser også i Norsk Petroleumsrett og Energirett ved Universitetet i Bergen. Tina Hunter var gjesteforskar ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen i 2008 – 2009.

Tid og stad for prøveforelesinga:
16.09.2010, kl. 15:15. Oppgitt emne: “On Articles 5, 10 and 22 of the Energy Charter Treaty and the exploitation of petroleum resources as a means to develop national industry and commerce”
Stad: Auditorium 4, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1, Bergen

Tid og stad for disputasen:
17.09.2010, kl. 10:15, Auditorium 4, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1, Bergen.

Kontaktpersonar:
Tina Hunter, epost: tihunter@bond.edu.au
Mediekontakt Gro Malnes Øvrebø, tlf. 55 58 38 13 (a),
epost: gro.ovrebo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for juridiske fag. Avhandlinga er tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side