Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2010

NY DOKTORGRAD

Psykiatri og perversjon

Runar Jordåen   

Runar Jordåen disputerer fredag 26. november 2010 for ph.d-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960”

Avhandlinga er ein studie av korleis homofili vart forstått i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til kring 1960. Oppfatninga av ”homoseksualitet” som ein biologisk og psykologisk ”perversjon” som var ibuande hos enkelte menneske kan sporast tilbake til europeisk psykiatri på 1860- og 1870-talet, og vart introdusert i Noreg gjennom medisinske artiklar og lærebøker på 1890-talet. Denne forståinga av perversjon står i motsetning til tidlegare oppfatningar der forbodne seksuelle handlingar fall i kategorien sodomi eller ”omgængelse mod Naturen”, utan at dei vart knytt til eigenskapar ved individet.

I avhandlinga viser Jordåen korleis ein ”psykiatrisk tenkestil” gav grunnlag for eit medisinsk blikk på homoseksualitet som noko som botna i eit avvikande ”seksualinstinkt” og som hadde sine særskilte årsaker, symptom og potensielle førebyggings- og behandlingsmetodar. Samstundes som dette blir sett som eit brot med tidlegare oppfatningar, er det viktig å merka seg at ulike oppfatningar var tilstades samtidig: Homoseksualitet vart ikkje berre forstått som noko medfødd, men også som noko som kunne utvikla seg gjennom barndom og oppvekst.

Vidare viser Jordåen i avhandlinga ei forskyving frå slutten av 1800-talet, då tiltrekkinga til personar av same kjønn vart sett som del av ei fullstendig omsnuing av det psykologiske kjønnet (ein inversjon), til at ein utover på 1900-talet i aukande grad kunne sjå denne tiltrekkinga uavhengig av dette.

Studien er konsentrert om psykiatriske tekstar i tidsskrift, lærebøker og fagbøker, men undersøker i tillegg strafferett, debattar om seksualmoral og Det norske Forbundet av 1948 sin argumentasjon (særleg på 1950-talet).

I tillegg til å visa korleis ei spesifikk psykiatrisk tilnærming til homoseksualitet vart dominerande som ”ekspertspråk” frå slutten av 1800-talet til 1960/1970-talet, er studien eit bidrag til korleis forståinga av ”homofili” og ”heterofili” som kulturelle kategoriar har vakse fram i vår tid.

Personalia:
Runar Jordåen er fødd i 1977. Han avla sin cand. philol. eksamen ved Historisk institutt, Universitetet i Bergen i 2003. Jordåen var i perioden 2006–2009 universitetsstipendiat ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Det humanistiske fakultet med professor Astri Andresen som rettleiar og førsteamanuensis Svein Atle Skålevåg som medrettleiar.

Tid og stad for prøveforelesinga:
25.11.2010, kl. 16:30. Oppgitt emne: "Degenerasjonsfrykt og sosial reform"
Stad: Sydneshaugen Skole, Auditorium B

Tid og stad for disputasen:
26.11.2010, kl. 09:30, Sydneshaugen Skole, Auditorium B

Kontaktpersonar:
Runar Jordåen, tlf 900 68 573, epost: runar.jordaen@ahkr.uib.no
Mediekontakt Gudrun Sylte, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: gudrun.sylte@uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.