Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kristenrett og kyrkjerett

Torgeir Landro   
Torgeir Landro disputerar fredag 21. mai 2010 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Kristenrett og kyrkjerett – Borgartingskristenretten i eit komparativt perspektiv”

Landskapslovene er mellom dei eldste, skriftlege kjeldene i norsk historie, antakeleg nedskrivne for fyrste gong på slutten av 1000-talet eller byrjinga av 1100-talet. Lovstoffet i desse lovene er samla emnevis i ulike bolkar. Kristendomsbolken, eller kristenretten, utgjer ein av lovbolkane. Innhaldet i kristenrettane spenner vidt og regulerer mange sider ved tilværet, som til dømes matføreskrifter, helgedagshald, dåp, ekteskap og gravlegging.

Den klassiske tesen om opprinnelsen til kristenrettane tek utgangspunkt i Olav den heilage og hans angivlege lovgjevingsverksemd på Mostertinget på 1020-talet. Ifylgje denne tradisjonen inneheldt dei eldste norske kristenrettane ein felles grunnstamme av reglar som i hovudsak har sitt opphav frå tidleg på 1000-talet. Lovreglane er angiveleg inspirerte av angelsaksiske lover, men tilpassa dei norske lagtinga etter forhandlingar med bøndene på tinga.

Avhandlinga er ein komparativ studie av innhaldet i Borgartingskristenretten, som tradisjonelt har vore peika ut til å gje det beste biletet av Olav sin kristenrett, i lys av eit større europeisk kyrkjerettsleg materiale. Både den angelsaksiske påverknaden og den sterke bondedeltakinga i lovutforminga vert trekt i tvil. Ut frå eit nærstudium av dåpsføreskrifter, mat- og prosessreglar vert det i staden argumentert for at Borgartingskristenretten må oppfattast som eit samansett sluttprodukt av ein lengre lovgjevingsprosess. I samband med dåpsføreskriftene vert moglege impulsar frå Austkyrkja drøfta. Matreglane syner tre ulike kronologiske lag, der det siste sannsynlegvis kan daterast til 1200-talet, då lova vart revidert etter prinsippa frå klassisk, kanonisk rett.

Personalia:
Torgeir Landro er fødd i 1978 og oppvaksen på Sotra. Han avla Cand. Philol. eksamen ved Historisk institutt, Universitetet i Bergen, i 2005, og har i perioden 2006-2009 vore tilsett som stipendiat ved Senter for mellomalderstudiar (CMS) ved Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
20.05.2010, kl. 16:30. Oppgitt emne: "Ekteskapsreglane i dei norske kristenrettane og forholdet deira til kanoniskrett."
Stad: Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.

Tid og stad for disputasen:
21.05.2010, kl. 09:30, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.

Kontaktpersonar:
Torgeir Landro, tlf: 95 03 94 78, epost: Torgeir.Landro@cms.uib.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a),
epost: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side