Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Matrelaterte mageplager

Kristine Lillestøl   

Kristine Lillestøl disputerer fredag 19. november 2010 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Self-reported food hypersensitivity with gastrointestinal symptoms: Allergological and psychological factors”.

Svært mange opplever å vere overfølsame for ei eller fleire matvarer utan at matallergi kan påvisast. Denne avhandlinga fokuserer på slike matrelaterte plager der ein ikkje finn sikker patologi ved vanlege diagnostiske testar.

Eit hovudfunn i avhandlinga er at trass i låg førekomst av såkalla ”ekte” matallergi, har så mange som 60 prosent av desse pasientane likevel andre allergiske tilstandar, fyrst og fremst pollenallergi (”høysnue”). Desse allergiske pasientane har fleire såkalla IgE-armerte mastceller i slimhinna i tolvfingertarmen enn pasientar utan allergi. Dette kan spele ei rolle for utvikling av matrelaterte mageplager, og er eit funn som kan danne grunnlag for nye interessante studier, mellom anna av moglegheitene for medikamentell behandling av slike plager.

Eit anna funn er at visse psykiske lidingar, særleg angstlidingar, ser ut til å førekome noko hyppigare i denne pasientgruppa enn i den generelle befolkninga. I avhandlinga er det og presentert nye metodar som er under utprøving og som i framtida kan verte aktuelle som diagnostiske reiskapar i utgreiinga av matrelaterte mageplager.

Personalia:
Kristine Lillestøl (f. 1978) kjem frå Hornindal og vart cand. med. ved Universitetet i Bergen i 2004. Ho har vore tilknytt Institutt for indremedisin sidan 2005, med stipend frå Helse Vest (Det regionale samarbeidsorganet) sidan 2007. Ho arbeider no som turnuslege ved Haukeland Universitetssjukehus.

Tid og stad for prøveforelesinga:
18.11.2010, kl. 14:15. Oppgitt emne: Utredning og behandling av pasienter med selvrapportert hypersensitivitet for matvarer: anbefalinger for klinisk praksis og perspektiver for fremtiden
Stad: Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

Tid og stad for disputasen:
19.11.2010, kl. 10:15, Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

Kontaktpersonar:
Kristine Lillestøl, tlf 55 97 30 79, epost: kristine.lillestol@med.uib.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a),
epost: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side