Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Forankringsprotein er viktige i signaloverføring og kreftutvikling

Line Merethe Myklebust   
Line Merethe Myklebust disputerer torsdag 24. juni 2010 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”The scaffold protein RACK1 in signal transduction: RACK1 complex formation with Ki-Ras.”

Cand. scient Line Merethe Myklebust har i sitt doktorgradsarbeid studert rolla til eit forankringsprotein, kalt RACK1, i signaloverføring i cella og dets betydning i kreftutvikling. Cellene kan reagere på ytre og indre påverknader via eit komplekst nettverk av proteiner som styrer cellas skjebne; skal cella fortsette å vekse, utvikle andre eigenskapar, eller dø. I normale celler er desse prosessane nøye regulerte. Mange kreftframkallende protein (onkoprotein) er genetisk endra (muterte) variantar av protein som i normale celler har som oppgåve å overføre vekstsignal til cellekjerna.

Ras er eit slikt onkoprotein. Medan den normale forma av Ras proteinet vekslar mellom aktiv og inaktiv form, er Ras onkoproteinet låst i den aktive forma. Dette medfører at Ras gjev cella konstant signal om at den skal dele seg sjølv i fråver av vekstsignal, og slik kan ein kreftsvulst oppstå. I doktorgradsarbeidet var ein interessert i å finne faktorar som kunne hindre denne Ras-styrte kreftsdannelsen. Myklebust og medarbeidarar identifiserte forankringsproteinet RACK1, i å spele ei viktig rolle i denne Ras styrte signalvegen. RACK1 utgjer eit viktig knutepunkt i signaloverføringa då RACK1 kan binde til seg fleire signal protein samstundes, og dermed la interaksjonar mellom desse skje.

Avhandlinga forklarar korleis ein mutert variant av RACK1, kalt delta RACK1, er med på å utkonkurrere RACK1 si binding til onkoproteinet Ras og dermed hemme RACK1 styrte interaksjonar som kan føre til kreft. I mennesket vart RACK1 funne å ha ei svært viktig rolle i utviklinga av skjoldbrukskjertelkreft, og RACK1 kan difor fungere som markør for sjukdommen. Dette viser at innsikt i regulering av kontakten mellom ulike signalprotein og RACK1 er av særs viktig betydning for forståinga av signalvegane i cellene og for cellulære endringar som kan føre til kreftutvikling.

Personalia:
Line Merethe Myklebust (f. 1976) er oppvaksen på Strand på sørsida av Høyanger kommune. Ho tok Cand. scient eksamen i molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen i 2003. Etter å ha arbeidd som forskningsassistent i 2 år, vart ho i 2005 tildelt 4-årig doktorgradsstipend frå Kreftforeningen med arbeidsplass ved Molekylærbiologisk institutt, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
17.06.2010, kl. 10:15. Oppgitt emne: “Synthetic Biology: Goals, Methods, and Problems.”
Stad: N-terminalen, 5 etg (Bioblokka).

Tid og stad for disputasen:
24.06.2010, kl. 10:15, Stort Auditorium (Datablokka), 2 etg, Høyteknologisenteret i Bergen, Thormøhlensgate 55.

Kontaktpersonar:
Line Merethe Myklebust, tlf: 55 58 45 30, epost: Line.Myklebust@mbi.uib.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a),
epost: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side