Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Generasjonar og fødselsutfall

Tone Irene Nordtveit   
Tone Irene Nordtveit disputerer 22.01.2010 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Generations, reproduction and birth outcome. A registry-based cohort study in Norway 1967-2006”

I ein generasjonsstudie innan reproduksjon studerer ein data for svangerskap og fødsel over to eller fleire generasjonar. Ein kan studere gjentaking av det same fødselsutfallet frå ein generasjon til den neste, men også fødselsutfall i ein generasjon i høve til eit anna fødselsutfall i ein annan generasjon. Dette kan bidra til ny kunnskap omkring årsakene til ulike fødselsutfall, dvs arv og miljø.

Vi fann at både menn og kvinner som sjølve var fødde i seteleie til termin hadde meir enn to gongar auka risiko for å få born i seteleie samanlikna med menn og kvinner fødde i hovudleie. Gen som vert overførde frå mor eller far til fosteret er truleg av betyding for seteleie.

Vidare fann vi at dess kortare svangerskapsvarigheit ei kvinne sjølv hadde dess høgare risiko hadde ho for å få dødfødde born eller born som døydde innan fyrste leveveke. Kvinner som var fødde mellom veke 28-30 hadde tre gongar auka risiko for å miste barnet sitt samanlikna med kvinner fødde til termin. Ein stor del av borna som døydde var også for tidleg fødde, og ei forklaring på samanhengen kan difor vere ulike faktorar knytte til for tidleg fødsel. Det var ingen samanheng mellom far si svangerskapsvarigheit og død hjå borna.
Til slutt fann vi at fyrstefødde kvinner hadde lågare fødselsvekt enn kvinner lengre ute i syskenflokken. Då vi også veit at det er samsvar i fødselsvekt for mor og born, forventa vi at fyrstefødde kvinner ville få dei minste borna. Vi fann det motsette; truleg fordi fyrstefødde kvinner generelt sett hadde ein sunnare livsstil, noko som påverka fødselsvekta til borna.

Avhandlinga går ut frå Institutt for samfunnsmedisinske fag og Medisinsk fødselsregister (MFR), finansiert av Norges forskningsråd. Datagrunnlaget var frå MFR 1967-2006.

Personalia:
Tone Irene Nordtveit, f. 1971, kjem frå Baldersheim i Fusa kommune. Ho er lege og avla medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1998. Etter turnusteneste i Tromsø og i Bardu, arbeidde ho i perioden 2001-04 som assistentlege ved Avd. for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Haukeland Univ.sjukehus. I 2005 byrja ho på doktorgradsprosjektet ved Medisinsk fødselsregister og Seksjon for epidemiologi og medisinsk statistikk, Institutt for samfunnsmedisinske fag, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
21.01.2010, kl. 14:15. Oppgitt emne: "How can register-based research help with understanding the longterm consequences of adverse intrauterine health - benefits and limitations?"
Stad: Stort auditorium, Sentralblokken, Haukeland Universitetssjukehus.

Tid og stad for disputasen:
22.01.2010, kl. 09:15, Stort auditorium, Sentralblokken, Haukeland Universitetssjukehus.

Kontaktpersonar:
Tone Irene Nordtveit, tlf: 55 58 60 36, epost: tone.nordtveit@isf.uib.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a),
epost: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side