Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2010

NY DOKTORGRAD

Hannleg utvikling i fisk

Katrine Sandnes Skaar   

Katrine Sandnes Skaar disputerer fredag 10. desember for ph.d.-graden med avhandlinga:

“Anti-Müllerian hormone (Amh) in zebrafish (Danio rerio): Protein characteristics and functions.”

Kjønnsutvikling i fisk kan vere sårbar for ulike ytre påverknader, og kunnskap om utvikling av kjønn er viktig for å forstå desse prosessane. I denne avhandlinga er det blitt forska på eit hormon, det anti-Mülleriske hormonet si rolle i utvikling av hannfisk. Hos pattedyr har anti-Müllerisk hormon ei viktig rolle i å tilbakedanne Mülleriske dukter - opphavet til eggleiarar og livmor - i foster som skal bli hannkjønn. Vidare kontrollerer anti-Müllerisk hormon syntese av kjønnshormon hos hannar. Dersom produksjon av anti-Müllerisk hormon ikkje fungerer som det skal, kan det gi reproduktive problem hos vaksne hannpattedyr.

Fisk har ikkje Mülleriske dukter, men fisk har likevel anti-Müllerisk hormon! Hormonet vert danna tidleg i utviklinga i fiskelarver og er også til stades i vaksne individ. Dette tyder på at hormonet kan ha viktige roller i kjønnsutviklinga også hos fisk. Denne doktorgradsavhandlinga beskriver korleis hormonet vert produsert for å bli funksjonelt i sebrafisk; ein akvariefisk som er mykje brukt i forsking og som modell for andre fiskeartar. Vidare beskrivast funksjoner til anti-Müllerisk hormon i sebrafisk.

Ved hjelp av spesifikke antistoff retta mot anti-Müllerisk hormon fann Skaar ut at etter at hormonet er blitt produsert må det blant anna kløyvast ved hjelp av spesielle kløyveenzym for å bli funksjonelt. Antistoffa blei også brukt for å vise at hormonet vert produsert i celler som ligg omkring kjønnsceller i tidlege stadium av spermieutviklinga i testis; kjønnskjertel hos hannkjønn.

Funksjonen til anti-Müllerisk hormon i testis blei studert ved å tilsette hormonet til biter av testis i kultur. Det var her tydelig at den kløyvde forma av anti-Müllerisk hormon hemmar produksjon av hannlege steroidhormon. Hormonet hindra også celledeling av spermatogonier – dei aller første cellene i spermieutvikling. Resultata tyder på at anti-Müllerisk hormon er viktig for å halde spermproduksjonen i umoden tilstand ved å hemme produksjonen av kjønnshormon som er viktig for danning av moden sperm. Avhandlinga beskriver også korleis anti-Müllerisk hormon kan ha ei mogleg rolle i tidleg hannkjønnsutvikling hos sebrafisk.

Personalia:
Katrine Sandnes Skaar (f.1978) er fødd og oppvaksen i Førde, busett i Bergen sidan 1998. Ho tok hovudfag i molekylærbiologi, avslutta i 2004, ved Molekylærbiologisk institutt, Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet er utført ved same institutt med Professor Rune Male som rettleiar og dr. Lisbeth C. Olsen (Sars Centre, Bergen) og dr. Rüdiger W. Schulz (Universitetet i Utrecht, Nederland) som medrettleiarar. Skaar hadde eit tre månadar langt opphald ved Universitetet i Utrecht i 2006. Prosjektet starta i 2005 og er finansiert av Norges forskningsråd (NFR). Ho har hatt to svangerskapspermisjonar undervegs.

Tid og stad for prøveforelesinga:
11.11.2010, kl. 12:15. Oppgitt emne: "The effect of posttranslational modifications on the function of hormones"
Stad: Seminarrommet MBI - 5. etasje, Høyteknologisenteret

Tid og stad for disputasen:
10.12.2010, kl. 10:15, Stort auditorium, Høyteknologisenteret, Thormøhlensgate 55.

Kontaktpersonar:
Katrine Sandnes Skaar, tlf: 55 58 44 55, epost: katrine.sandnes.skaar@mbi.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.