Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Sjukepleiarar lærer nær pasienten

Randi Skår   
Randi Skår disputerer måndag 25. januar for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Læringsprosesser i sykepleieres profesjonsutøvelse.
En studie av sykepleieres læringserfaringer”

Avhandlinga fokuserer på korleis sjukepleiarar lærer gjennom arbeidet og kva betyding læring har for deira arbeid. Sjukepleie er eit komplekst arbeidsfelt, og tenesta er i stadig endring. Utvikling av kvalitativt god og forsvarleg sjukepleie krev difor at sjukepleiarar deltek som lærande aktørar i helsetenesta. Målet med studien er å gje eit bidrag til kunnskap om korleis sjukepleiarar lærer i kliniske situasjonar. Skår undersøker korleis sjukepleiarar beskriv si læring og bruk av kunnskap, og læringserfaringane deira knytt til arbeidssituasjonar der dei har utvikla sjølvstende og fagleg tryggleik. Undersøkinga byggjer på intervju med sjukepleiarar i sjukehus, sjukeheim og heimesjukepleie.

Gjennom tre publiserte vitskaplege artiklar fokuserer Skår på kva sjølvstende i sjukepleierolla betyr for å vere aktiv i eiga profesjonsutvikling og korleis forståing av pasientsituasjonar påverkar bruk av kunnskap. Den tredje artikkelen tar opp korleis sjukepleiarar erfarer sitt arbeid som læringsmiljø.

Studien syner at ansvaret for pasientomsorga er ei drivkraft for sjukepleiarane si læring. Læringsprosessar er nær forbunde med sjukepleiaren si involvering, personleg tryggleik og engasjement i pasientsituasjonar. Sjukepleiarane lærer gjennom si aktive deltaking i arbeidssituasjonar og i arbeidsfellesskapet. Samstundes har ulike arbeidsplassar ulike vilkår for læring, til dømes høve til fagleg og tverrfagleg diskusjon og refleksjon, og tid og anledning til å bli kjend med pasienten.

Skår diskuterer korleis kunnskapar om sjukepleiarar si læring gjennom arbeidet kan ha implikasjonar for korleis ein tilrettelegg for studentar si læring i kliniske studiar i sjukepleieutdanninga. Avhandlinga opnar og for vidare forsking knytt til den personlege dimensjonen i profesjonell læring og utvikling.

Personalia:
Randi Skår er født i 1964 og oppvaksen i Stryn. Ho er utdanna sjukepleiar i Stavanger og har hovudfag i pedagogikk frå Norsk Lærerakademi i Bergen. Skår har arbeidserfaring som sjukepleiar i sjukehus og på sjukeheim, og som lektor i sjukepleieutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Førde og ved Diakonhjemmet Høgskole, Oslo. I perioden 2005-2009 har ho vore doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og følgt doktorgradsprogrammet ved Universitetet i Bergen, Psykologisk Fakultet.

Tid og stad for prøveforelesinga:
25.01.2010, kl. 10:00. Oppgitt emne: ”Profesjonell dannelse - historiske røtter og framtidsutfordringer i sykepleie”
Stad: Auditorium 130, Christies gt. 12, 1. etg.

Tid og stad for disputasen:
25.01.2010, kl. 11:15, Auditorium 130, Christies gt.12, 1. etg.

Kontaktpersonar:
Randi Skår, tlf: 57 72 25 23, epost: randi.skar@hisf.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a),
epost: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for psykologi, utdanning og helse. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side