Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Nyoppdata protein kan hjelpe oss i kampen mot kreft og nervesjukdomar

Kristian Kobbenes Starheim   
Kristian Kobbenes Starheim disputerar fredag 25. juni 2010 for ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "The human protein N-a-acetyltransferase complexes hNatA, hNatB, and hNatC. Identification and functional characterization".

Menneskekroppen er bygd opp av millionar av celler. Alle cellene i kroppen vår har det same DNAet. Den beste måten å vidareføre dette DNAet på er å jobbe saman som ei organisme. For at vi som organisme skal fungere, må alle desse cellene samarbeide. Alle celler vert nøye kontrollerte. Dei tar opp næring når dei får beskjed det, dei veks når dei får beskjed om det, og dei tek faktisk livet av seg når kroppen vår treng det.

Denne harmonien er ikkje sjølvsagt. Om celler får ei endring i DNAet gjennom mutasjon, kan dei slutte å tilpasse seg kroppen. Desse cellene kan bli til kreftceller. Dei byrjar å dele seg ukontrollert. For å forstå korleis ein kan kurere kreft, er det viktig å forstå korleis kvar enkelt celle veks og regulerast i kroppen. Og her er det faktisk veldig mange ting vi ikkje forstår enda. Det er mange store kvite flekkar på kartet.

I denne oppgåva har vi studert ein prosess som heiter protein N-a-acetylering. Dette er ein naturlig kjemisk prosess som endrar proteina i menneskecellene. Vi har funne at denne prosessen er nødvendig for at cellene skal vekse normalt. Om ein ikkje har denne prosessen, vil cellene ha vanskelig for å vekse, og i det lengste døy. Ved å hindre denne prosessen kan vi kanskje drepe kreftceller.

I tillegg har vi funne at denne prosessen, N-a-acetylering, påverkar proteinet Huntingtin. Endringar i dette proteinet gir sjukdomen Huntington's disease (også kjent som "Setesdalsrykkja"). Dette er ein arvelig nervesjukdom som rammar personar i alderen 30 til 40 år. Hjå personar som får denne sjukdomen byrjar nerveceller å døy. Huntington's disease fører til store muskelproblem, psykiske forstyrringar, og død innan 15 til 20 år. Sjukdomen er i dag uhelbredelig for den som får den. Vårt arbeid kan vere eit steg på vegen til å hjelpe dei som råkast av Huntington's disease.

Personalia:
Kristian Kobbenes Starheim er fødd i 1982, og oppvaksen i Ulsteinvik i Møre og Romsdal. Han avla mastereksamen i molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen i 2007, og han vart oppteken som ph.d.-kandidat ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen i 2008. Han har vore knytt til prosjektet "Cancer thyreoidae; molekylærbiologi og klinikk" ved Molekylæbiologisk institutt og Institutt for kirurgiske fag, Universitetet i Bergen, sidan 2005.

Tid og stad for prøveforelesinga:
25.06.2010, kl. 09:15. Oppgitt emne: "Accumulation and clearance of aggregate-prone proteins linked to disease"
Stad: Aud. 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91.

Tid og stad for disputasen:
25.06.2010, kl. 11:30, Aud. 1, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91.

Kontaktpersonar:
Kristian Kobbenes Starheim, tlf 55 58 43 72, epost: kristian.starheim@mbi.uib.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a),
epost: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side