Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kor kjenslevare er Arktisk uvêr til atmosfæriske tilstandar?

Muralidhar Adakudlu   

Muralidhar Adakudlu disputerer 22. juni 2011 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Severe mesoscale weather events over the Nordic Seas: Numerical modelling and sesitivity experiments.”

Adakudlu undersøkjer kor kjenslevare kraftige småskala vêrsystem, som utviklar seg over dei nordiske hav, er i høve overflateparametre. Slike vêrsystem kan vere intense lågtrykk på liten skala, gjerne kalla polare lågtrykk, samt skarpe frontsoner med sterke vindar nærme iskanten - kalla arktiske frontar. I denne avhandlinga har Adakudlu mellom anna undersøkt observerte tilfeller frå februar og mars 2008. Han har brukt numerisk vêrvarslingsverkty i undersøkinga.

I avhandlinga syner Adakudlu at dynamikk, struktur og intensitet til polare lågtrykk og arktiske frontar varierer med verdiane av sjøtemperaturen. I tillegg finn han at atmosfæriske parametre, som statisk stabilitet og vertikalt vindskjeret, påverkar systema i vesentleg grad.

I tillegg til slike vêrsystem, kan fjella i Nord-Noreg og på Svalbard skape kraftige vindar. Adakudlu har og sett på eit slikt tilfelle. Han finn at vinden i Hinlopen stretet som skil Nordaustlandet frå Spitsbergen, ved eit tilfelle var fire gongar sterkare enn vind i ope lende.

I avhandlinga syner Adakudlu at det kjenslevare i vêrsystema gjere det vanskeleg å kome fram til gode varsel og Adakudlu peikar på viktige faktorar for slike vêrsystem.

Personalia:
Muralidhar Adakudlu er fødd 17. februar 1982 i Mangalore, India. Han har ein mastergrad frå Universitetet i Pune, India, i 2007. Sidan januar 2008 har han arbeidd ved Uni-Bjerknes, UniResearch med doktorgraden. Arbeidet er knytt til Polarårsprosjektet til Noregs forskingsråd.

Tid og stad for prøveforelesinga:
20.05.2011, kl. 13.15. Oppgitt emne: Forcing mechanisms and life cycle of Tornadoes.”
Stad: Auditoriet, Geofysisk Institutt, Jahnebakken 3

Tid og stad for disputasen:
22.06.2011, kl. 10.15, Auditoriet, Geofysisk Institutt, Jahnebakken 3

Kontaktpersonar:
Muralidhar Adakudlu, tlf: 55582594, epost: Muralidhar.Adakudlu@uni.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side