Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Regulering av gen involvert i læring og hukommelse

Maria Nordheim Alme   

Maria Nordheim Alme disputerer onsdag 07.12.2011 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Regulation of synaptic plasticity-regulated genes by cholinergic signaling, calcium and antidepressant drug treatment”.

Evnen vår til å lære og å hugse ligg i dei plastiske eigenskapane til kontaktene (synapsene) mellom nervecellene i hjernen. Stimuli fører til at etablerte synapser kan endre styrke og bli enten sterkare eller svakare, dette kallar vi synaptisk plastisitet. Mekanismane som styrer synaptisk plastisitet er nøye regulert og forstyrringar i desse signalbanene kan ha alvorlege konsekvensar for normal hjernefunksjon. Det er difor viktig å forstå mekanismane som regulerer synapsestyrke og signalisering mellom nerveceller. Denne avhandlinga handlar mellom anna om korleis antidepressiv behandling og nokre sentrale signalbaner i hjernen påverkar uttrykket av gen involvert i synaptisk plastisitet.

Depresjon har høg forekomst, men vi har inga fullgod behandling for denne lidinga. I dette arbeidet har Alme sett på korleis medikamentell behandling påverkar uttrykket av gen involvert i synaptisk plastisitet. Konklusjonen er at kronisk, men ikkje akutt, behandling fører til ei oppregulering av plastisitet-assosierte gener i hjerneområder sentrale for kognisjon. Dette kan tyde på at positive endringar i viktige neuronale funksjonar krev langtidsbehandling og at dette eit lite stykke på veg, kan forklare det forseinka kliniske utkomet av antidepressiv behandling.

Vidare illustrerer arbeidet i avhandlinga korleis ei rekke mekanismar samhandlar for å gi tids- og stadsbestemt uttrykk av viktige protein for synaptisk plastisitet. Arbeidet viser og nye neuronale funksjonar for eitt av desse gena.

Personalia:
Maria Nordheim Alme, fødd 1977, er frå Volda og er utdanna sivilingeniør i kjemi frå NTNU i Trondheim. Ph.d.-arbeidet er utført ved Nevrovitenskapelig forkningsgruppe ved Institutt for biomedisin, det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB. Prof. Clive R Bramham har vore rettleiar på oppgåva.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
06.12.2011, kl. 14.15. Oppgitt emne: Gene expression in plasticity of the glutamatergic synapse.
Sted: Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91, auditorium 2.

Tidspunkt og sted for disputasen:
07.12.2011, kl. 13.00, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91, auditorium 2.

Kontaktpersoner:
Maria Nordheim Alme, tlf: 93445929, epost: maria.alme@biomed.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelingen
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

 

 

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side