Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Overvektskirurgi gir betre sjølvrapportert helse

John Roger Andersen   

John Roger Andersen disputerer fredag 4. februar 2011 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Health-related quality of life before and after duodenal switch for morbid obesity”.

Sjukleg overvekt er ein livslang sjukdom som rammar om lag to prosent av den vaksne norske befolkninga. Bariatrisk kirurgi (”overvektskirurgi”) er den einaste behandlingsforma som har vist varig vektreduksjon for menneske med sjukleg overvekt.

Ein relativt ny operasjonsmetode som ser ut til å gi særleg stor og varig vektreduksjon er ”duodenal switch” (DS). Ved denne metoden vert ein del av magesekken fjerna slik at ein vert mett av mindre måltid, og i tillegg vert ein del av tynntarmen kopla ut slik at næringsopptaket vert redusert.

Det er gjort lite forsking på sjølvrapportert helse hos pasientar som har blitt operert med DS. I denne studien vart ulike sider ved sjølvrapportert fysisk, psykisk og sosial helse og arbeidslivdeltaking undersøkt før operasjon, samt eit og to år etterpå hos 51 pasientar operert ved Førde Sentralsjukehus.

Resultata viser at pasientane hadde svært dårleg helse før operasjon, spesielt rapporterte pasientar som fekk behandling for depresjon eller leddproblem om store helseproblem.

Etter operasjonen vart kroppsvekta betydeleg redusert, og den vanlegaste biverknaden var plagsam gassdanning i tarmen. Alle fysiske, psykiske og sosiale helsemål vart signifikant forbetra etter operasjonen, og nådde eit nivå som er samanliknbart med gjennomsnittet i den generelle norske befolkninga. Det vart og funne ein signifikant samanheng mellom redusert angst og depresjon og betring i fysisk funksjonog smerter. I tillegg auka arbeidslivdeltakinga signifikant, noko som kan få samfunnsøkonomiske konsekvensar.

Pasientane i denne studien rapporterte om betring på alle helsemål etter operasjon. Dette tyder på at DS kan vere eit godt alternativ når ein skal velje operasjonsmetode for sjukleg overvekt.

Personalia:
John Roger Andersen (f. 1968) vaks opp i Balestrand i Sogn. Andersen vart utdanna sjukepleiar i 1993 og tok cand.san.-graden ved Universitetet i Bergen i 2005. Han jobbar som høgskulelektor i sjukepleie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og som forskar i Helse Førde.

Tid og stad for prøveforelesinga:
04.02.2011, kl. 09:15. Oppgitt emne: : "Behandling av sjukleg overvekt: Målsettingar, resultat, livskvalitet og etiske perspektiv"
Stad: Auditoriet, Armauer Hansens Hus, Haukelandsveien 28

Tid og stad for disputasen:
04.02.2011, kl. 11:30, Auditoriet, Armauer Hansens Hus, Haukelandsveien 28

Kontaktpersonar:
John Roger Andersen, tlf: 48278186, epost: john.andersen@hisf.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side