Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Religionen og kulturen - skisma eller harmoni?

Hans Bringeland   

Hans Bringeland disputerer fredag 16. desember for dr. philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Religion und Welt. Martin Dibelius (1883-1947)».

Dibelius var ein tysk teolog med Det nye testamentet og den byrjande kristendommen som sitt spesialfelt. Bringeland fylgjer i si biografiske framstelling denne framståande forskaren gjennom den ekstremt omskiftelege tyske historia i fyrste helvta av det 20. hundreåret. Ei hovudinteresse er å få fram samverknaden mellom teologisk oppfatning, historisk-litterært forskingsarbeid og den aktuelle tidssituasjonen. Den raude tråden i avhandlinga er klårgjeringa av Dibelius’ oppfatning av religionen – framfor alt kristendommen – sitt grunnleggjande tilhøve til «verda». Med tanke på meir eller mindre dramatiske utslag av religiøs fundamentalisme og den pågåande debatten om religionen sin plass i det offentlege rommet skulle denne problematikken vera av stor interesse også i dag.

Doktoranden har gjennomført ein grundig analyse av både trykte kjelder og etterlate materiale (brev og anna). Denne syner at Dibelius tenkte seg at kristendommen både historisk og prinsipielt er kjenneteikna av eit spenningsforhold til kultur og samfunn. Også forskingsarbeidet hans omkring religionshistoriske, litterære og etiske aspekt ved den fyrste kristendommen er bestemt av dette synspunktet. Elles teiknar avhandlinga ein spanande livsveg, der langt frå sjølvsagde liberal-demokratiske idear førte Dibelius i opposisjon til reaksjonær ideologi og seinare til nazismen.

Personalia:
Hans Bringeland vart fødd i Jondal i 1952, er cand. theol. frå Det teologiske menighetsfakultet (1981) og har dessutan studert filosofi. I 1982 vart han tilsett ved NLA Høgskolen (Bergen), frå 1992 som 1.amanuensis. Han var stipendiat under Noregs allmennvitskaplege forskingsråd 1988-1991 og har omfattande forskingsopphald i Tyskland bak seg.

Tid og stad for prøveforelesingane:
15.12.2011, kl. 16.30. Sjølvvald emne: "Positive" und "liberale" Ethik. Ein Vergleich zwischen den Sittenlehren Ole Hallesbys und Wilhelm Herrmanns.
15.12.2011, kl. . Oppgitt emne: Martin Dibelius' oppgjør med nasjonalsosialismen. En sammenligning med andre teologers kritikk, særlig Bultmanns og Barths.
Stad: Auditorium A, Sydneshaugen skole

Tid og stad for disputasen:
16.12.2011, kl. 09.30, Auditorium A, Sydneshaugen skole

Kontaktpersonar:
Hans Bringeland, tlf. 55540717/97566436, epost: hmb@nla.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side