Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2011

NY DOKTORGRAD

Gener i fettvev som er relatert til vektreduksjon

Simon Erling Nitter Dankel   

Simon Erling Nitter Dankel disputerer torsdag 23. juni 2011 for ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Transcriptomics of adipose tissue – Integrative search for obesity candidate genes”.

Forekomsten av fedme har auka kraftig i fleire land inkludert Noreg dei siste tiåra. Fedme aukar risikoen for ei rekke sjukdomar som diabetes, hjartesjukdom og fleire former for kreft. Dette gjeld spesielt mykje fettvev i buken (”epleform”), medan lagring av fett primært i underhudsfettet (”pæreform”) kan vere beskyttande.

Hormoner og andre fysiologiske stimuleringar styrer funksjonen til cellene i kroppen, gjennom avlesing av gener som igjen gir opphav til proteiner. Dankel har studert i kva grad ulike gener er lest av i underhudsfettet og bukfettet ved fedme. Fettvevet var teke fra personar med sjukeleg fedme (kroppsmasseindeks (KMI) over 50), som vart fulgte til eitt år etter slankeoperasjon (KMI 33).

Studiane viste låg avlesing av bestemte utviklingsgener i bukfettet, som samstundes var høgt avleste i underhudsfett etter slankeoperasjon. Der var og samanheng mellom genetisk variasjon i fleire av desse genene og liv/hoftevidde (eit mål på bukfett), som tyder på at studien har identifisert gener som kan påverke grad av bukfedme hos ulike personar.

Personalia:
Simon Erling Nitter Dankel er fødd i 1980 og oppvaksen i Volda. Han er utdanna næringsmiddelingeniør frå Høgskulen i Sør-Trøndelag i 2004, og seinare master i human ernæring ved Universitetet i Bergen (UiB) i 2006. Dankel arbeidde som lektor ved Høgskolen i Bergen i 2007 (Helsefremmende arbeid, mat og helse) og frå november 2007 som stipendiat ved Institutt for Indremedisin ved UiB med professor Gunnar Mellgren og førsteamanuesis Jørn Vegard Sagen som rettleiarar.

Tid og stad for prøveforelesinga:
23.06.2011, kl. 09.15. Oppgitt emne: "Metabolic inflammation, cell types and mechanisms involved"
Stad: Stort Auditorium, 3. etasje Haukeland Universitetssykehus

Tid og stad for disputasen:
23.06.2011, kl. 11.15, Stort Auditorium, 3. etasje Haukeland Universitetssykehus

Kontaktpersonar:
Simon Erling Nitter Dankel, tlf: 943 08637, epost: simon.dankel@med.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.