Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Hormon og brystkreft - behandling og resistens

Marianne Hauglid Flågeng   

Marianne Hauglid Flågeng disputerer fredag 1. april 2011 for ph.d.- graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Steroid receptor coactivators and epidermal growth factor receptors in breast cancer”.

Brystkreft er den hyppigaste kreftforma hjå kvinner med over 2700 nye tilfeller i Noreg kvart år. Endokrin behandling av brystkreft, også kalla antihormonbehandling, er effektiv, men over tid så sluttar fleire brystkreftsvulstar å respondere på behandlinga og begynner å vekse igjen. Kvifor dette skjer er ikkje heilt kartlagd, men ei kopling mellom østrogenreseptor- og vekstfaktor-signalvegar er føreslåtte som ein av mekanismane. Hormonet østrogen bind til østrogenreseptor og stimulerer blant anna vekst av brystkreftceller. Aktiviteten til reseptoren vert regulert av nokre cellulære protein kalla koaktivatorar, og auka nivå av desse koaktivatorane kan vere assosiert med resistens mot endokrin behandling. Vekstfaktorreseptorar og då spesielt onkogenet HER-2/neu er i tillegg også assosiert med dårlig respons på endokrin behandling.

I avhandlinga har Flågeng studert korleis koaktivatorar endrar seg under to typar behandlingsregime. Ho har funne at nivået av koaktivatorane og vekstfaktoren HER-2/neu aukar under endokrin behandling. Vidare har ho studert assosiasjonen mellom vekstfaktorar og østrogen i brystkreftsvulstar og normalvev. Ho har funne ei tydeleg kopling mellom vekstfaktorreseptorar og østrogennivå i både vev og plasma. Resultata gjev auka kunnskap om endringar i svulstvev under endokrin behandling av brystkreft, noko som er nødvendig for å forstå mekanismar som ligg til grunn for både effekt av behandling og for utvikling av resistens mot behandling.

Personalia:
Marianne Hauglid Flågeng er fødd i 1978 og oppvaksen i Røldal. Ho er utdanna kjemiingeniør frå Universitetet i Stavanger i 2000, og seinare cand. scient. i molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen (UiB) i 2003. Flågeng har arbeidd som avdelingsingeniør og seinare stipendiat ved Institutt for Indremedisin ved UiB med professor Gunnar Mellgren og professor Ernst A. Lien som rettleiarar.

Tid og stad for prøveforelesinga:
31.03.2011, kl. 14:15. Oppgitt emne: Hemmere av ulike EGF-reseptorer i målrettet behandling av colon- og lungekreft− muligheter og utfordringer
Stad: Auditorium II, Bygg for biologiske basalfag, Haukeland Universitetssykehus

Tid og stad for disputasen:
01.04.2011, kl. 12:00, Auditorium II, Bygg for biologiske basalfag, Haukeland Universitetssykehus

Kontaktpersonar:
Marianne Hauglid Flågeng, tlf: 99603177, epost: marianne.hauglid@med.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side