Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Grunnlov og maktfordeling

Eirik Holmøyvik   

Eirik Holmøyvik disputerer laurdag 21. mai 2011 for ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Maktfordeling og 1814".

I 2014 feirar vi 200-årsjubileet for Eidsvollgrunnlova. Ein av dei sentrale ideane og nyvinningane i den var maktfordelinga mellom den lovgjevande, utøvande og dømande makta. Altså mellom Stortinget, kongen og domstolane. Men kva var det med maktfordelingsideen som gjorde den så viktig i 1814? Og korleis var maktfordelinga i grunnlova og kva var bakgrunnen for den? Overraskande nok har desse spørsmåla knapt blitt underkasta ei større rettsvitskapleg eller historisk undersøking i Noreg på desse snart 200 åra.

Avhandlinga viser korleis maktfordeling vart synonymt med fridom og eit grunnleggjande krav til ei kvar grunnlov i tida fram mot 1814. På denne tida var grunnlovsforfattarar overtydd om at berre maktfordeling kunne hindre maktmisbruk og gi innbyggjarane i staten eit styre etter lovene. Dette er eit ideal også i dag.

Avhandlinga viser òg korleis Eidsvollgrunnlova var eit internasjonalt prosjekt i form og innhald. Når vi i dag diskuterar rettens internasjonalisering er det grunn til å minnast at også sjølve symbolet for norsk sjølvstende – grunnlova – var resultatet av ei internasjonal rettsutvikling. Likevel var den ikkje nokon kopi av utanlandske grunnlover. Maktfordelinga der var ein særnorsk konstruksjon på grunnlag av ei stor mengde kjelder i både utanlandsk teori og grunnlover og i den nasjonale forfatningsutviklinga fram mot 1814.

Sist, men ikkje minst: Når vi snakkar om maktfordelinga i Eidsvollgrunnlova er det vanleg å knyte den til den franske filosofen Charles de Montesquieu og verket De l’esprit des lois. Avhandlinga viser at det ikkje er riktig. Tvert om må grunnlova lesast som ei avvising av den maktfordelingsmodellen Montesquieu føreslo. Grunnen er at modellen var i strid med det i 1814 grunnleggjande idealet om folkesuverenitet. Denne tolkinga av Eidsvollgrunnlova gir òg ei forklaring på dei store forfatningskampane mellom konge og storting seinare på 1800-talet.

Personalia:
Eirik Holmøyvik er cand.jur. 2004 frå Universitetet i Oslo. Han har vore tilsett ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen sidan 2004. I tillegg til doktoravhandlinga har han publisert ei rekkje artiklar i statsrett og rettshistorie. I samband med grunnlovsjubileet i 2014 er han involvert i fleire forskingsprosjekt under Forskningsrådets grunnlovssatsing.

Tid og stad for prøveforelesinga:
20.05.2011, kl. 15.15. Oppgitt emne: "Bruk av norske styrkar utanfor Noreg – statsrettslege utfordringar i fortid og nåtid"
Stad: Auditorium 2, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1

Tid og stad for disputasen:
21.05.2011, kl. 10.15, Auditorium 2, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1

Kontaktpersonar:
Eirik Holmøyvik, tlf. 55 58 95 34, epost: eirik.holmoyvik@jur.uib.no

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelinga
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for juridiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side